Statoil inn i blodig farvatn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sist veke vart det kjent at Stat­oil har kjøpt 40 prosent av ein leitelisens utanfor kysten av Vest-Papua, som offisielt har status som ein del av Indonesia. Om det blir gjort olje- eller gassfunn her, har Statoil opsjon på å bli operatør for utvinninga, skriv Teknisk Ukeblad. Men med dette kjøpet risikerer Statoil å få status som støttespelar for ein lite kjend, men svært brutal okkupasjon som har vart i nesten førti år. Soga om tragedien på Vest-Papua er svært lik den langt meir kjende soga om Indonesias okkupasjon og massemord på Aust-Timor.

Okkupert i 1962
Vest-Papua er den vestlege halvdelen av verdas nest største øy – Papua Ny-Guinea er den andre halvparten. Det er snakk om eit kolossalt og svært ressursrikt landområde, som låg under nederlandsk kolonistyre fram til 1963. Nederlendarane hadde lova å gje lokalbefolkninga på øya sjølvstende – som andre koloniserte folk skulle papuanarane få etablere sin eigen stat. Men slik gjekk det ikkje. Så snart nederlendarane trekte seg ut, rykte nemleg den indonesiske hæren inn på Vest-Papua.

Den indonesiske presidenten Sukarno tok kontroll over territoriet med ryggdekning frå USA, som la kraftig press på den neder­landske regjeringa. Sukarno var ein viktig brikke i den kalde krigen. Om ikkje nederlendarane lét Indonesia få ta over Vest-Papua, ville «posisjonen til den frie verda i Asia ta alvorleg skade», skreiv president John F. Kennedy i eit strengt brev til den nederlandske statsministeren. Okkupantane fekk gjere som dei ville, og lokalbefolkninga på øya – truleg kring 700.000 menneske på den tida – vart utsett for fryktelege overgrep av indonesiarane.

I 1969 vart det indonesiske herredømet stadfesta av ei «folke­røysting» på Vest-Papua. 1022 representantar vart plukka ut av okkupantane for å røyste. Dei fekk beskjed om at dersom dei røysta mot at Vest-Papua skulle bli ein del av Indonesia, ville dei bli drepne. Utfallet vart eit samrøystes ja, og FN godkjende skammeleg nok «folkerøystinga». På dette viset vart Vest-Papua offisielt underlagt Indonesia, først under namnet Irian Jaya, i dag som to provinsar kalla Papua og Vest-Papua.

God butikk
Denne okkupasjonen har vore svært lukrativ for Indonesia, særleg for den indonesiske hæren, som i periodar nærast har drive Vest-Papua som sin eigen butikk. Øya er rik på verdifullt tropisk tømmer og på mange mineral, ikkje minst gull. Grasberg-gruva på Vest-Papua er den største gullgruva i verda og blir driven av det amerikanske selskapet Freeport McMoRan. Freeport har betalt rundhanda til den indonesiske hæren for vern av verksemda si: Berre frå 1998 til 2004 betalte selskapet nesten 20 millionar dollar til hæren, ifølgje The New York Times.

Den papuanske lokalbefolkninga har derimot sett lite til inntektene. Dei sit i staden att med miljøskadane gruva skaper, skadar så store at det norske oljefondet har selt seg ut av både Freeport McMoRan og partnarselskapet Rio Tinto på etisk grunnlag.

Dei store naturressursane på Vest-Papua er truleg ein viktig grunn til at Indonesia har halde mykje hardare fast på denne provinsen enn på Aust-Timor. Aust-Timor vart okkupert av indonesiarane i 1975, men timoresarane reiv seg laus i 1999 etter ein hard motstandskamp og sterkt internasjonalt press.

Artikkelen held fram etter denne videoen som viser omfanget av Grasberg-gruva:

 

Folkemord
Papuanarane har prøvd, dei òg. Talsmennene deira har gong på gong appellert til verda om hjelp, og både fredelege og væpna sjølvstenderørsler har kjempa mot dei indonesiske okkupantane heilt sidan 1960-åra, men utan særleg framgang. Og framferda til den indonesiske hæren mot lokal­befolkninga har vore frykteleg.

Det fulle omfanget av overgrepa er usikkert, den indonesiske hæren har for det meste lukkast i å halde journalistar borte frå Vest-Papua. Men ein rapport laga av akademikarar ved Yale-universitetet i 2004 slo fast at ein kunne snakke om eit folkemord på Vest-Papua. Det er dokumentert at landsbyar har blitt bomba med napalm og kjemiske våpen, ei rekkje papuanske leiarar har blitt myrda, og mange tusen sivile har blitt massakrerte, torturerte, valdtekne eller fordrivne frå heimane sine. Samstundes har masseinnvandring frå Indonesia gjort papuanarane til ein hundsa underklasse i sitt eige land.

LES SISTE UTANRIKSNYTT HER!

Dette er i korte trekk soga til provinsen der Statoil no har kjøpt retten til å drive leiteboring etter olje og gass. Korleis går det i hop med dei etiske retnings­linene som Statoil flaggar så høgt?

– Ikkje vårt ansvar
– Aktivitetane våre i Indonesia er som andre stader betinga av at vi kan gjennomføre verksemda vår på ein ansvarleg måte i tråd med internasjonale retningsliner, seier Bård Glad Pedersen. Han er informasjonssjef for Statoils internasjonale aktivitetar.

– Kva er Statoils vurdering av menneskerettssituasjonen på Vest-Papua?

– Vi er ein næringsaktør, og det er ikkje vårt ansvar å kommentere den generelle situasjonen i området. Ansvaret vårt er å operere på ein ansvarleg måte, og det meiner vi at vi kan gjere også der.

– Er Statoil kjent med at Indonesia i praksis har okkupert Vest-Papua sidan 1960-talet og er ansvarleg for massedrap og ei systematisk, svært brutal undertrykking av lokalbefolkninga?

– Det er ikkje vår oppgåve å kommentere den generelle situa­sjonen i området. Vårt ansvar er å sikre at vi kan gjennomføre operasjonane våre på ein ansvarleg måte.

– Tilseier ikkje statusen og historia til Vest-Papua at Statoil burde vere varsame med å gå inn og utnytte naturressursane der?

– Det er eit politisk spørsmål kor ein skal tillate næringsverksemd og ikkje. Vårt ansvar er å opptre i samsvar med internasjonale lover og retningsliner.

Næring, ikkje politikk
«Respekt for menneskerettigheter er viktig for at vi skal leve opp til våre verdier», står det på nettsida til Statoil.

– På Vest-Papua har Indonesia krenkt menneskerettane på det grovaste i snart femti år. Korleis kan da Statoil gå inn og leite etter olje i farvatna kring Vest-Papua?

– Det er rett som det står på nettsida, at respekten for menneskerettar er avgjerande for oss. Vi har ansvar for at menneskerettane blir overhaldne i verksemda vår, og at operasjonane blir gjennomførde på ein god måte. Men det er eit politisk ansvar å avgjere kva dialog ein skal ha med ulike styresmakter.

– Går ikkje Statoil i praksis i samarbeid med ein brutal okkupant når de vil leite etter olje utanfor Vest-Papua?

– Vi meiner vi kan gjennomføre aktivitetar i området på ein ansvarleg og god måte, i tråd med internasjonale reguleringar.

LES OGSÅ: Teikneserier mot oljeboring

– I praksis er det den indonesiske hæren som kontrollerer Vest-Papua. Den innfødde lokalbefolkninga kjem neppe til å hauste nokon fordelar av Statoils eventuell oljeverksemd her. Kva synest du om det?

– Vi har ansvar for å gjennomføre dette på ein ansvarleg og god måte. Statoil har før vist at vi kan klare det i dialog med ulike berørte partar, til beste for lokalbefolkninga. Men det er ikkje vår oppgåve å vurdere situasjonen i einskildområde.

– Du skil svært skarpt mellom politikk og næringsverksemd. Er det ingen stad i verda der menneskerettskrenkingane er så heslege at Statoil ikkje vil gå inn?

– Det er ikkje eg som skil politikk og næringsverksemd. Praksisen vår er i tråd med FNs retningsliner. Verksemda vår skal vere i tråd med internasjonale retningsliner og norsk utanrikspolitikk, og det er eit vilkår for oss at vi skal kunne gjennomføre verksemda vår på ein ansvarleg måte, seier Bård Glad Pedersen.

LES SAKA I DAG OG TID!