Statkraft stoppar fleire vindkraftprosjekt i Norden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vindkraftprosjekt blir stoppa

Alle vindkraftprosjekt i Norden blir skrinlagt, skriv den danske nettstaden Energiwatch. Dermed blir det stoppa ytterlegare to prosjekt, begge i Sverige. Det gjeld Bodhögarna og Björkvattnet, som begge ligg nord for Östersund.

LES OGSÅ: I framtida må me eta fleire insekt

Avgjerda kjem av at landmøller ikkje er subsidiert i same grad som havmøller, og difor er langt meir utsett for marknadsprisen på straum i Norden, skriv nettstaden.

– Vi reknar ikkje med å gjera nye investeringar i Sverige på kort sikt, seier kommunikasjonssjef Torbjørn Steen i Statkraft til NTB.

Prosjekta i Sverige var planlagt med ein samla installert effekt på høvesvis 200 og 90 megawatt, mot 1.000 megawatt i Midt-Noreg. Planlegginga hadde likevel ikkje kome like langt på dei to svenske prosjekta. Mellom anna var det ikkje valt leverandør, i motsetnad til dei norske prosjekta i Fosen og Snillfjord, der Vestas var vald som føretrekt leverandør.

– Sjølvsagt vil vi kunna vende tilbake til prosjekta viss føresetnadene i marknaden blir endra vesentleg. Men eg må seia at eg ikkje trur det vil skje, seier konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen i Statkraft til Energiwatch. (©NPK)

LES OGSÅ: Slik skal 20-åringen reinska verdshava