Spleiser på LP-trykking

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For å få dekt utgiftene til å trykkje opp den siste plata på vinyl, prøver Side Brok å bruke «crowdfunding» som finansieringsmetode. Kort fortalt er det eit spleiselag der alle som vil kjøpe plata, kan betale henne på førehand.

Ved å betale inn minimum 200 kroner, får ein plata i posten når ho kjem frå trykkeriet, fortel Runar Gudnason i Side Brok i ein video dei har lagt ut på nettet.

Ein kan også betale meir, og då få meir med på kjøpet. Som H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A.-singelen som sjutomar, eller «Høge Brelle» på vinyl, som dei nyleg fann eit restlager av.

For å mastre og trykkje opp den nye plata, treng bandet 18.000 kroner. Søndag kveld var over halve målet nådd, kunne Gudnason fortelje.

– Visst vi får inn meir pengar, kan det hende vi ombestemmer oss og lagar ein dobbel vinyl med betre lyd og betre plass, med kanskje nokre remiksar som bonusmaterial, seier han.

Om finansieringsmålet ikkje vert nådd innan 1. august, vert aksjonen avblåst og pengane vert betalt tilbake.

Les saka i Møre-Nytt!