Sp vil fjerne jegeravgifta

Senterpartiet foreslår å fjerne alle jegeravgiftene, og erstatte det med direkte statleg finansiering.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa foreslår i sitt statsbudsjett for 2015 å ta inn 100 millionar kroner i jegeravgifter til det offentlege.

– Aktive og fagleg dyktige jegerar spelar ei heilt avgjerande rolle i norsk viltforvaltning. Gjennom godt regulert jakt blir ein fagleg fastsett kvote teken ut på ein slik måte at vi kan behalde og byggje opp sunne bestandar av vilt. Jakt har også ein viktig kulturell rolle, og er ein viktig næringsveg, gjennom sal av jaktrett og kjøt, seier Trygve Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet.

LES OGSÅ: Vil på jakt i romjula

200.000 jegarar
På same måte som for jakt så var det tidlegare ei avgift for innlandsfiske. Denne avgifta vedtok Stortinget å fjerne i 2001.

– Til liks med fiskarar kan eg ikkje sjå at det er nokon grunn til å påleggje jegerane ei avgift for å finansiere oppgåver som bør dekkjast over statsbudsjettet. Jegeravgifta går i dag til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, som tilrettelegging og forsking, både lokalt, regionalt og sentralt, seier Vedum.

Ifølgje SSB betalte nesten 200.000 nordmenn jegeravgift for jaktåret 2013/14. (©NPK)