Slik arrangerer du debatt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 25.11.2020 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innleiing: Om Me snakkast

Me snakkast er eit debattprosjekt med mål om å skapa ein debattkultur mellom unge i Sunnhordland. Biblioteksamarbeidet i Sunnhordland står bak prosjektet, som er gjort i samarbeid med Framtida.no og redaktør Svein Olav B. Langåker. Frå 2015 til 2016 arrangerte me 12 debattkurs for ungdom i alle dei åtte kommunane i Sunnhordland. Me samarbeidde med seks skular og to ungdomsråd i Sunnhordland. Totalt deltok kring 450 ungdommar på desse kursa. Kring 1000 publikumarar deltok på debattane. Prosjektet har vore støtta av Nasjonalbiblioteket.

Temaet for debattane og spørsmål har dei unge bestemt sjølv, og har vore knytt til relevante politiske saker for ungdom, som til dømes samferdsel, kollektivtilbod, fritidstilbod, skule m.m.

Mellom anna arrangerte me to debattkurs i Austevoll, som hadde forsøk med stemmerett for 16- og 17-åringar. Det gjorde at store delar av ungdommane på 16 og 17 år i Austevoll fekk trena seg på debatt og snakka om lokalpolitikk. I etterkant blei det arrangert to debattar på biblioteket i Austevoll som samla fullt hus. Det var første gong på fleire kommuneval at det er arrangert ein open valdebatt i kommunen. Me er veldig glade for at valdeltakinga mellom 16- og 17-åringane i Austevoll gjekk opp frå førre val, og blei høgast i landet.

Då Nasjonal bibliotekstrategi blei lagt fram hausten 2015, var debattprosjektet eitt av tre prosjekt for ungdom som blei trekt fram som gode døme.

Debattmodellen vår har no blitt ein modell som fleire kommunar ønskjer å kopiera.

I denne debattkokeboka vil me gjera greie for korleis ein kan arrangera gode debattar i biblioteka og korleis ein dra ungdom med i debattane.

Kvifor debatt?

Gjennom debatt og samtale får ein fram ulike meiningar og sider ved ei sak. Ein trenar evna til å argumentera, tenkja og sjå ei sak frå fleire sider. I ein opplysande debatt kan ein finna ut kva ein er samd i og kva ein er usamd i. Gjennom å arrangera debatt er ein med på å bestemma dagsorden.

Debatt i Bømlo folkebibliotek.

Kvifor debatt i biblioteka?

«Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.»

§ 1Lov om folkebibliotek (folkebibliotekloven)

Det er fleire gode grunnar til å arrangera debatt i biblioteka, utanom eit ønskje om å følgja lova. Det kan vera ein måte å få nye brukargruppar til biblioteket. Nye bøker kan formidlast gjennom bokbad eller debattar. Det kan òg vera ein måte å visa fram biblioteket og gjera det viktig for løyvande folkevalde som deltar i debattane. Og kva institusjon passar betre enn biblioteket til å ta denne rolla?

Kvifor debatt i skulen?

Debatt er òg på pensum i skulen: «Mål for opplæringen er at eleven skal kunne delta i diskusjoner med begrunnede meninger og saklig argumentasjon» heiter det i læreplanen for norsk i ungdomsskulen. I pensum for vidaregåande heiter det: «eleven skal kunne mestre ulike roller i samtaler, diskusjoner, dramatiseringer og presentasjoner» og «lytte til og vise åpenhet for andres argumentasjon og bruke relevante og saklige argumenter i diskusjoner». I samfunnsfag er dei ei rad emne som elevane skal kunne diskutera.

Gjennom opne debattar med eksterne paneldeltakarar knyter skulane seg tettare til samfunnet. Elevar og lærarar som har vore med på debattprosjektet fortel at det dei diskuterer blir meir verkeleg og er med på å betra motivasjonen og gjera undervisinga meir variert og engasjerande.

 

Slik arrangerer du ein debatt – sjå sjekkliste nedst i dokumentet!

1.      Bestem tema og problemstilling for debatten. Sjå under for inspirasjon til tema.

2.      Bestem kven de vil invitera i debattpanelet (her kan det vera lurt å spørja seg litt rundt kven som kan passa i ein debatt og om dei er usamde)

3.      Bestem aktuelle datoar (det kan vera lurt å ha 2-3 aktuelle datoar å velja mellom slik at det blir lettare å få innleiarane de vil).

4.      Finn ut kven som skal vera debattleiar (kanskje du kan vera det sjølv, eller du vil invitera eksterne?)

5.      Invitér deltakarane på telefon så tidleg som mogleg.

6.      Følg opp på epost etterpå.

7.      Pass på å informer/marknadsføra arrangementa

8.      Ring gjerne eit par dagar før debatten for å forsikra deg at deltakarane kjem.

9.      Avtal på førehand med nokon som ikkje sit i panelet om å stilla spørsmål. Kanskje du kan invitera leiaren i eit idrettslag eller korps til å stilla spørsmål i ein politisk debatt om kultursatsinga til kommunen?

10.  Pass på at alt det praktiske er i orden i god tid på møtedagen – frå lyd og stolar til vatn til deltakarane.

11.  Avtal med nokon om rydding etterpå

Korleis finna tema for debatten?

Det er går an å diskutera det meste. Det kan vera lokale, nasjonale og globale spørsmål. Og det kan vera dagsaktuelle eller evig aktuelle spørsmål.

Under her håpar me at du kan finna noko inspirasjon som kan gjera at du kan laga aktuelle debattar:

Merkedagar: Før lokal- og stortingsvalet og folkerøystingar bør alle bibliotek ha politiske debattmøte. Men kva med å knyta ein debatt til kvinnedagen 8. mars, arbeidardagen 1. mai eller FN-dagen 24. oktober? FN har dagar for det meste. Her finn du ei liste over dei: http://www.fn.no/FN-informasjon/FN-dager

Spesielle hendingar:Kva med å arrangera debattar i samband med andre arrangement – t.d. festivalar, teaterframsyningar osv.?

Lokalavisa: I lokalavisa di finn du ganske sikkert ei sak som det har vore mykje debatt om – anten det er kommunesamanslåing, sentrumsutvikling, kommunebudsjett eller andre lokale saker. Spør gjerne redaktøren i lokalavisa om tips til aktuelle lokale saker å diskutera – og ikkje minst kva paneldeltakarar som kan passa! Kanskje avisa vil samarbeida om debatten – og markadsføra debatten ekstra og/eller stilla med debattleiar sjølv?

Bøker: Kva kan vel passa betre enn å ha debattar med utgangspunkt i bøker? Sjekk med forlaga kva bøker som kjem – både fagprosa og skjønnlitteratur kan passa som utgangspunkt for ein debatt. T.d. har me arrangert debatt og bokbad om livet på nett med forfattarane Eldrid Johansen (Charlieblogg) og Linnea Myhre (Evig søndag).

Innleiarar: Er det ein spesielt innleiar du har lyst til å høyra meir frå, anten det er ein forfattar, forskar eller nokon med ei spennande historie å fortelja? Det går an å byggja ein debatt rundt ein hovudinnleiar, der ein person får halda ei lengre innleiing, og der det blir ein samtale med eit panel etterpå.

Bli inspirert av røynde debattskaparar: sjå på programmet til Studentersamfunnet i Bergen, Litteraturhuset i Bergen og Oslo.

Frå ein debatt i Kvinnherad bibliotek.

Korleis laga ei god problemstilling?

Etter at du har bestemt tema for debatten, så er det lurt å laga ei problemstilling for debatten. Denne vil gi eit mål for debatten og fortelja kvifor debatten er aktuell. Har de til dømes bestemt at debatten skal handla om innvandring, så er det eit så stort tema, at ein bør avgrensa dette noko. Skal det handla om integrering eller årsaker til innvandring eller konsekvensar av innvandringa?

Dette var problemstillinga då me diskuterte temaet på ein debatt i Kvinnherad:

«Velkommen til debatt om korleis me kan ta i mot dei som kjem til Noreg på ein god måte. Kva kan unge gjera for å bidra til integrering? Korleis kan ein motverka rasisme? Kva gjer flyktningkrisa med oss?»

Og her er problemstillinga då me diskuterte fråfall i vidaregåande i Etne bibliotek:

«Kring 56 prosent av elevane i vidaregåande fullfører på normert tid, og kring 30 prosent har ikkje fullført i løpet av fem år. Kva skal til for at ikkje fleire elevar skal droppa ut?»

Sjå andre døme på problemstillingar her!

Korleis finna innleiarar til debatten?

Vanlege debattantar er politikarar, fagpersonar, tillitsvalde og andre som har spesiell sakskunnskap eller som representerer ein organisasjon. I debatten om innvandring i Kvinnherad kom tre politikarar frå tre ulike parti, ei frå Røde Kross, ei jente som hadde flykta frå Tsjetsjenia, ei frå vaksenopplæringa for flyktningar og ein flyktningkoordinator.

Det er fint å få med variasjon i kjønn, alder, erfaringar og ulike politiske standpunkt eit panel. Ofte er det greitt at det ikkje er fleire enn 3-6 stk i eit panel. Ein treng t.d. ikkje å invitera med alle partia i panelet, men det er mogleg å invitera med alle kommunestyrerepresentantar til å bli med i salen. Då får dei høve til å koma med sine synspunkt i løpet av debatten. Det gjeld òg andre som gjerne skulle sagt noko. I ein kulturdebatt i Stord folkebibliotek inviterte me med idrettsrådet og musikkrådet i kommunen til å bli med i salen, og oppmoda dei til å halda innlegg.

Vanleg debattmøte frå start til slutt

Avtal med innleiarane at dei kjem 15 minuttar før start. Informer dei om reglane for debatten og programmet. Understrek at det er viktig å halda seg til tida og at du dunkar på mikrofonen når det er 15 sekund igjen.

Dei fleste debattmøta me har arrangert har vore klassiske debattmøte, med ordstyrar, bisitjar og eit panel.

Me har brukt ein time og 30 minutt på desse debattane, utan pause. Då blir 20-35 minuttar brukt til innleiing, 10-15 minuttar til kommentarrunde mellom paneldeltakarane og 40-60 minuttar til debatt og 5-10 minuttar til avsluting.

Kor lang tid kvar av innleiarane får, kjem an på kor mange innleiarar det er. Er det eit stort panel, så held det at kvar får snakka 2 minutt i ei innlegg. Etter innleiingane får deltakarane høve til å kommentera innlegga til kvarandre kort, før det blir debatt og ope for innlegg/spørsmål og replikkar frå salen.

 

Bisitjar opnar og seier dette:

 

Velkommen til debatt her i dag!

Eg heiter……………………………….. og er bisittar her i dag. Temaet for debatten i dag er

……………………………………………………..

Problemstillinga er……………………………………………………………………………

…………………………………………………………………………………………………

……………………………………………………………………………

 

Då gjev eg ordet til ordstyraren i dag, ………………………………..

Så seier ordstyraren dette:

 

Takk for det!

Eg skal først seia litt om reglane for debatten i dag. No først får paneldeltakarane tre minuttar til ei innleiing. Så får dei tid til å kommentera innlegga til kvarandre etterpå. Etter dette opnar me for spørsmål og innlegg frå salen.

Skal du halda eit innlegg eller koma med eit spørsmål til eit nytt moment, så held du opp éin finger. Då får du inntil to minuttar. Skal du koma med ein replikk eller eit spørsmål til eit innlegg, så held du oppe to fingrar. Eg dunkar på mikrofonen når det er på tide å avslutta.

Då gjev eg ordet til……………………

Når panelet er ferdig med innleiingane sine, seier du:

No får de høve til å kommentera innleiingane til kvarandre. Me byrjar i same rekkjefølgje og de får inntil eitt minutt kvar.

Etter dette opnar du opp for spørsmål frå salen. Når det nærmar seg slutten, så kan det vera mogleg å samla opp spørsmål som panelet får svara på. Etter dei har fått svara kort, så får dei høve til ein kort sluttappel.

Heilt til slutt takkar du panelet og publikum.

 

Ulike debattmøte

Sjeldan er ein debatt lik den andre. Det kjem an på kor aktiv ordstyrar er, kor mykje ein slepp til publikum, kor mange som er i panelet og kor usamde eller samde panelet er.

Nokre debattar kan gli mot det ein kan kalla samtalar og bokbad. Det går òg an å opna med eit kulturelt innslag, og ha opplesingar innimellom. Ofte kan dette vera med på å løfta arrangementet.

 

Korleis leia ein debatt?

Er det første gong du skal leia ein debatt? Då er det lurt å førebu deg godt og skriva ned alt du har tenkt til å seia. Det er den beste medisinen mot jernteppe.

Førebuing: les deg opp på temaet og spør andre til råds lag spørsmål sjølv, og få andre til å gjera det. Det er òg lurt å tenkja på førehand om kva målet med debatten er. Kva spørsmål og saker skal ein ha vore innom? Det er òg lurt å tenkja på korleis ein kan sørgja for at debatten blir balansert.

Sjå elles under om intervjuteknikk!

Gjennomføring: Det er fleire måtar du kan leia ein debatt på og kor aktiv ein er sjølv som ordstyrar.

Ein dansk studie har sett på ulike roller ein kan ta som debattleiar og korleis dette bidrar til ein opplysande debatt. Studien viser tre ulike modellar for korleis ein kan leia ein debatt:

1.      Nattvektaren: passar på tida, og fordeler ordet mellom deltakarane, men elles er lite aktiv. Ei ulempe med denne kan vera at det ofte blir påstand mot påstand i diskusjonen.

2.      Forhøyrsleiaren: utfordrar paneldeltakarane, gjerne ned i detaljane. Ulempen er at debatten kan enda som ein diskusjon mellom paneldeltakar og debattleiar i staden for mellom politikarane.

3.      Ambassadøren: skjerpar synspunkt og spørsmål, og argumenterer til tider ut fra den haldninga spørsmåla representerer. Passar på at spørsmåla frå deltakarane blir svart på. Ordstyraren bruker eigen kunnskap til å argumentera på andre sine vegne når det er trong for det. Denne rolla blir sett på som den som gjev mest opplysande debattar.

Sjå: http://forskning.no/media-politikk/2012/09/debattlederen-avgjor-om-vi-far-noe-ut-av-politikerne

Intervjuteknikk

Når du skal leia eit debattmøte, er det alltid lurt å laga nokre spørsmål på førehand. Gode spørsmål byrjar som oftast med eit spørjepronomen: kva, kven, kva tid, kvar, korleis, kvifor og kva konsekvensar blir ofte kalla dei gode hjelparane til journalistar.

Sakichi Toyoda seier at om ein spør «Kvifor fem gonger»  så kjem du til kjernen av problemet.

Sjå t.d. dette intervjuet av Razika, der musikkmagasinet Eno har prøvd ut denne metoden:

Per Anders Johansen har lang erfaring som journalist i Aftenposten, og har hatt kurs i intervjuteknikk på SKUP. For å få folk til å fortelja ei historie, så listar han ei rekkje spørsmål i kronologisk rekkjefølgje, og rår frå å starta med det som ikkje er så vanskeleg først.

·        Kva gjorde du?

·        Korleis starta det?

·        Kva alternativ har du?

·        Korleis handterer du dette?

·        Kva var vendepunktet?

·        Kva er konsekvensane?

Les meir på: http://www.skup.no/Konferansearkiv/copy-of-Konferansen_2006/Huskesedler/Per_Anders_Johansen_Intervjuteknikk.pdf

Det held med eit spørsmål om gongen og det er lurt å ikkje laga for kompliserte spørsmål – då blir det lettare å svara. Vanskelege spørsmål kan dessutan føra til at terskelen for publikum til å koma med spørsmål blir høgare.

 

Andre råd:

La gjestene vera i fokus.

Ikkje overdriv! (då blir det intervjuobjektet som må underdriva for å balansera)

Lukka spørsmål byrjar alltid med eit verb: Kan gjerne stillast til politikarar eller andre som prøver å ikkje svara.

Viss det er mange i panelet, så går det an å be alle som er samde om å rekka opp ei hand! (Det går an å spørja salen òg!)

Korleis avbryta nokon som ikkje held seg til tida? Dunk før på mikrofonen først, og sei ifrå etterpå på ein høfleg og bestemt måte. I siste instans, så er det mogleg å be lydteknikar om å skru av lyden.

Hugs: når du er ordstyrar, så er det du som styrer. Byrjar det å bli lite tid igjen, så er det berre til å visa til tida og gi ordet til dei du meiner bør få ordet.

Har ein sagt at debatten skal slutta klokka 21, så bør ein halda seg til dette.

LES OGSÅ: Ein god debatt er ein styrt debatt

Marknadsføring

For å få folk til å koma, så er det viktig å ikkje bruka éin kanal. Det er lurt å laga eit Facebook-arrangement og invitera med så mange som mogleg. Men det er òg lurt å laga plakatar, bruka eigne heimesider, leggja ut på arrangementskalenderen til biblioteket, kommunen eller andre stader, invitera folk på epost – og ikkje minst annonsera i lokalavisa. Det er òg mogleg å skriva pressemelding om arrangementet eller i det minste tipsa lokalavisa om arrangementet.

Skal du laga ei pressemelding, så held det å skriva nokre linjer om kva tema og problemstilling er og kven som deltek i panelet. Det kan vera lurt å skriva ei setning eller to om kvifor dette er eit aktuelt tema.

Debattkurs og prøvedebatt med flinke 10.klassingar på Rimbareid barne- og ungdomsskule.

Korleis halda debattkurs for elevar?

Debattkursa for ungdom har som vanleg tatt minimum to skuletimar. Då har eg brukt cirka 20 minuttar til å fortelja om debatt basert på det som står i denne kokeboka. Presentasjon er vedlagt. For kvar side i presentasjonen så prøver eg å spørja ungdommane spørsmål og få i gang ein dialog: kvifor arrangerer me debatt? Kva det betyr at debatten er nøytal? Kva som kan vera eit nasjonalt og lokalt tema? Osv…

Etter presentasjonen min, så seier eg at me skal ha ein prøvedebatt. Ofte er temaet for prøvedebatten kva me skal ha som tema i den opne debatten i biblioteket. Eg spør om to elevar kan tenkja seg å vera ordstyrarar. Ein av dei blir ordstyrar, den andre bisitjar. Dei får i oppgåve å førebu seg til å leia debatten og laga spørsmål. Dei andre elevane får denne oppgåva: gå i grupper og førebu eit opningsinnlegg på eitt minutt og like mange spørsmål som det er personar i gruppa. Til dette får dei 30 minuttar.

Etter dette riggar me til debatt: éin frå kvar gruppe kjem fram i panelet. Og så er det debatt, med opning frå bisitjar og ordstyrar, innlegg frå kvar gruppe og diskusjon og spørsmål frå salen etter dette.

Debatten tar cirka 30 minuttar. Etter dette spør eg kva elevane synest om debatten. Dersom formålet med debatten var å velja tema for den opne debatten, så lar eg elevane stemma over kva dei vil ha som tema. Ofte organiserte me dette i to valomgangar, der alle forslaga til debatt frå gruppe kom opp på ei tavle, alle elevane fekk rekke opp ei hand for å stemma på kvart tema. Dei to som fekk flest stemmer gjekk vidare til finalen der det endeleg blei avgjort kva temaet blei. Før ein avsluttar kurset er det greitt å dela på nokre oppgåver; t.d. når det gjeld fordeling av ansvar for å laga spørsmål, marknadsføring, utsetjing av stolar og rydding osv.

 

Døme på tekstar

Epost med invitasjon til skular:

Hei!

Eg er ………………… ved …………….. Me vil invitera ein klasse ved skulen din til å bli med på å utforma og arrangera ein eller to debattar i ……………………… Elevane får bestemma kva debatten skal handla om, og får også eit kurs i korleis arrangera og leia ein debatt.

Håpar dette kan vera interessant for skulen dykkar å vera med på!

 

Epost til paneldeltakar:

Hei igjen og takk for praten på telefonen!

Veldig kjekt at du kan stilla i panelet på debatten som me arrangerer i ……………… kl ……..-……… ……dag …… … .

……………….. har førebudd seg med spørsmål og skal også leia debatten.

Debatten blir arrangert av ……………………….

 

Som tidlegare nemnd er problemstillinga for debatten: …………………………………………… …….………………………………………………………………………………………………..

Dei andre som deltek i panelet er:

………………………….

…………………………..

…………………………..

Det er fint om du kan førebu ei innleiing på inntil to minuttar i starten på debatten. Og veldig kjekt om du kan koma 15 minuttar før debatten, slik at me er klare til å starta klokka ………

 

Elles: det er berre til å invitera med seg andre til debatten. Her er ligg arrangementet på Facebook: …………………………………………..

Velkommen skal du vera!

 

Epost til lokalavis:

Hei!

….dag ..……. kl. …….. arrangerer me debatt i biblioteket i …………….. Då blir det debatt om ………………………………..

Håpar de har lyst til å skriva noko om debatt på førehand, og det er sjølvsagt hjarteleg velkomne til å dekkja debatten!

Debatten blir arrangert av ……………………………………………….

Desse deltar i panelet: …………………………………………………………………………….

Temaet for debatten er særleg aktuelt no………………………………………..

 

Faktaboks

Debattkokeboka er laga av Framtida.no-redaktør Svein Olav B. Langåker i samarbeid med biblioteksamarbeidet i Sunnhordland som ein del av Me snakkast-prosjektet.

Me snakkast er eit debattprosjekt med mål om å skapa ein debattkultur mellom unge i Sunnhordland. Biblioteksamarbeidet i Sunnhordland står bak prosjektet, som er gjort i samarbeid med Framtida.no. Frå 2015 til 2016 arrangerte me 12 debattkurs for ungdom i alle dei åtte kommunane i Sunnhordland. Me samarbeidde med seks skular og to ungdomsråd i Sunnhordland. Totalt deltok kring 450 ungdommar på desse kursa. Kring 1000 publikumarar deltok på debattane. Prosjektet har vore støtta av Nasjonalbiblioteket.

Debattopplegget har blitt brukt i fleire skular, bibliotek og ungdomsråd etter dette, og har òg fått støtte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Last ned debattkokeboka i pdf-utgåve her!

Last ned sjekkliste for debattmøte her!

Ta kontakt med svein@framtida.no dersom du kunne tenkja deg eit debattkurs med Framtida.no!