Slepper fleire «homofile» teikneseriar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teikneserien «Archie» var blant dei første som introduserte ein homofil hovudkarakter i 2010. I takt med langt større openheit i samfunnet knytt til homoseksualitet, følgjer dei andre teikneserieskaparane etter og satsar på at publikumet deira ikkje berre aksepterer, men etterlyser teikneseriar der for eksempel superhelten ikkje nødvendigvis er heterofil, ifølgje New York Times.

LES OGSÅ: Korleis er det å leve som Hitler?

– Den amerikanske befolkninga har endra seg, og graden av aksept for homofile har endra seg, seier Milton Griepp, direktør i statistikkfirmaet ICv2, som følgjer med på salet av teikneseriar.

Teiknaren Phil Jimenez, kjent for bidraga sine til «Wonder Woman» og «Amazing Spider-Man», meiner i tillegg at det er på høg tid at homofile ikkje blir framstilte som «skrullete», slik dei tradisjonelt er blitt – i den grad temaet er blitt berørt. Superheltar kan gjerne vere homsar, seier han.

– Om ein kar er kar nok, er det jo det same kva legning vedkommande har, seier Jimenez til New York Times.

LES OGSÅ: Vestlandet på festivaltoppen