Skrift utan tale

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvifor snakkar ingen latin?

– Det som er artig og annleis med latin er ikkje at det er utdøydd. Det artige er at latin lever vidare skriftleg, seier Camilla Horster, doktorgradsstipendiat i klassisk filologi ved Universitetet i Aarhus til Videnskab.dk.

– Eit utdøydd språk er kjenneteikna av at det ikkje lenger vert fødd born som har det som morsmål. Det talte latin døydde ut fordi det endra seg og vart til andre språk, forklarar Horster.

Latin fall med Rom
Med romarrikets fall i 480 sklei latin gradvis ut og utvikla seg med tida fransk, italiensk, spansk og portugisisk.

Skriftspråket latin kan ein framleis studere, trass i at ingen har det som morsmål.

Horster nemner tre grunnar til at skriftspråket latin har heldt seg så godt: Latin var eit felles administrasjonsspråk i Europa, at det er eit kyrkjespråk framleis i bruk av den katolske kyrkja og at det er eit vitskapeleg språk, frå tidleg av nytta til å snakke om filosofi, matematikk og retorikk.

I det gamle Romarriket var mange av innbyggjarane tospråklege. Ein kunne til dømes ha gallisk eller gresk som morsmål. Latin vart talt av romarane, men det tok ikkje lang tid før skriftspråket og talespråket skilte lag.

– Så snart folk byrja å skrive latin rundt år 500 f.kr, så kjem det normer for skriftspråket, som ikkje liknar talespråket, fortel lektor i klassisk filologi George Hinge til Videnskab.dk.

LES OGSÅ: Fann nytt språk

Komedieuttale
Uttalen av latin har ein først og fremst kjennskap til gjennom gamle komediar, der stavefeil og sitat vitnar om korleis det kan ha høyrtes ut. Etter Romerrikets fall var Frankrike først ute med å nytte latin på nye måtar.  

– Alt på 600 og 700-talet meiner ein at fransk skil seg frå latin. Derifrå byrjar folk å ikkje forstå det gamle romerske latin meir, forklarar Hinge.

Med Romarrikets fall vert det færre lese og skrivekyndige. Den sterke romerske skriftkulturen vert svekkja. Folk bur meir spreidd og har mindre kontakt med einannan over landegrensene. For romarane var det naudsynt å meistre munnleg og skriftleg latin, for å verte ein god embetsmann eller få politisk makt. Dette var ikkje lenger eit krav i middelalderen.

LES OGSÅ: – Sosiale medium øydelegg språket

Renessanse for språket
Kristendommen skulle verte redninga for latin.

– Språkkulturen levde vidare i klostera. Det var dei geistlege som las. Makthavarane på denne tida kunne til dømes vere analfabetar, fortel Hinge.

I renessansen vakna interessa for den klassiske greske og romerske kulturen att. På 1300-talet og 1400-talet vart det igjen viktig for danna menneskjer å meistre latin. Talespråket latin har for lengst vorte andre språk, men ein normert talemåte vert gjenoppliva frå gamle skrifter av mellom anna Cicero.

 – Ein hadde på 1400-talet ein stor diskusjon om korleis ein skreiv riktig latin. Nokon meinte ein berre kunne nytte ord som fantes i det gamle Rom. Andre meinte ein kunne lage nye ord, så lenge dei stemte med dei gamle latinske språknormene, fortel Camilla Horster.

LES OGSÅ: – Alle er i slekt med alle i Europa

Klassisk og fleksibelt
Problemet var at det hadde kome ei rekkje nye omgrep og oppfinningar sidan romeranes tid, til dømes Gutenberg sin boktrykkjekunst. Ein mangla latinske ord til samtida renessansemenneskja levde i.

Vinnarane av debatten vart dei kritiske eklektikarane, dei som ville halde seg til klassisk latin, menmeinte ein kunne lage nye ord for nye ting. Språket skulle vere klassisk, men fleksibelt.

– Eit internasjonalt språk er nok det som må finne seg i mest, fordi det vert nytta og påverka av folk som ikkje kan det, folk som blandar det med sitt eige språk og så vidare. Berre tenk på kva me gjer med den stakkars engelsken i dag, seier Horster. 

Frå renessansen og fram til 1800-talet er latin eit felles skriftleg kulturspråk i Europa. Det var vitskapens språk, og heilt til 1700-talet publiserte ein vitskapelege avhandlingar på latin. Skulle ein lese om Newton si oppdaging av tyngdekrafta, måtte ein kunne latin.

På 1800-talet breier ei nasjonalromantisk bølgje seg over Europa og svekkjer latin som fellesspråk for vitskapen. I dag har engelsk teke over som vitskapens språk.

Georg Hinge gjev den katolske kyrkja ein god del av æra for at latin framleis lever etter 1800-talet. Ikkje før på 1960-talet opna den katolske kyrkja for nasjonale språk i liturgien. Fram til det var latin einerådande.

Latin er språket som har vorte halde kunstig i live, etter at det ikkje lenger vart fødd born som hadde språket som morsmål. Men tru ikkje at du snakkar som romarane, om du studerer latin i dag. 

LES FLEIRE SAKER OM SPRÅK HER!