Silja fann «Speedy» livlaus i doskåla

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Redda livlaus katt frå do

Vanlegvis søv Silja (10) frampå når ho har fri frå skulen. Men sist laurdag hadde ho bursdag, og difor vakna tiåringen ekstra tidleg. Det er ho sjeleglad for i dag.

Beint klokka sju om morgonen vakna pappa Hans Åge og mamma Monika av eit høgt skrik frå badet. Etter kvart som skriket nærma seg soverommet, høyrde dei også nokre ord. «Katten ligg død i do!» Far i huset susa opp trappa med kengurusteg medan adrenalinet brusa i heile kroppen.

«Speedy» fekk dei i hus to dagar før. Den ni veker unge pusen hadde begge nettene før sove i varmen på badet. Nysgjerrig som den er har den klatra opp på klosettet og ramla ned i skåla grytidleg på morgonkvisten.

 – Silja tok katten opp frå doskåla og la den på eit handkle oppå vasken. Katten låg stiv som ein pinne og var heilt svart i blikket. Silja sa at ho ikkje ville feira bursdagen likevel. Me svara at me hadde forståing for det, men at me skulle gjera det me kunne for å få liv i katten, seier pappa Jordalen.

LES OGSÅ: "Hundekviskraren"

Etter 30 år i industrien har offshorearbeidar Hans Åge Jordalen etter kvart mange oppfriskingskurs i førstehjelp på CV-en. Då «Speedy» låg livlaus framfor han, nøla han ikkje med å starta gjenoppliving.

 – Eg tok først to innblåsingar, før eg spurde Monika om kor hjarta er på eit så lite dyr. Eg ana jo ikkje det. Så starta eg å pressa på sidene rundt der eg trur hjarta var. På tredje innblåsinga kom det vatn ut snuten og eg såg at katten byrja å respondera så vidt, forklarar han.

Etter det fann familien fram nye handkle og tørka katten medan Hans Åge masserte på sidene for å få blodet til å sirkulera frå hjarta og ut i kroppen.

 – Slik heldt det fram i 15 minutt.

Familien Jordalen fann fram datamaskinen og søkte på veterinær på Stord. Dei fann eit telefonnummer og fekk rådført seg med fagfolk.

 – «Få katten varm», var den klare beskjeden me fekk frå veterinærvakta, seier Hans Åge Jordalen.

Monika Jordalen tok den forfjamsa katten inn i stova og varma den godt. Først etter tre timar var blikket byrja å normalisera seg og skjelvinga vekke, og katten såg ut til å vera i godt slag.

 – Eg veit ikkje kor lenge katten har kjempa i doskåla. Men det var verkeleg flaks at Silja vakna så tidleg den dagen. Eg trur «Speedy» berre har åtte liv igjen, smiler far i huset.

Katten sov stort sett resten av dagen.

Når Sunnhordland er innom heimen til familien Jordalen i Nedre Hageby ved verftet på Stord, er det ein svært livleg og nysgjerrig katt me ser.

– Det er rart kor glad ein blir i eit slikt vesen på så kort tid, seier Monika.

 – At det heile gjekk bra, er den beste bursdagsgåva eg kunne fått, seier Silja med «Speedy» i fanget.

LES OGSÅ: Instagram-forfattaren

Hans Åge Jordalen har delt historia om pusen med venene sine på Facebook. Han har fått svært mykje respons på historia, som lett kunne ha enda tragisk for katten.

Det har også Silja. Ho som ikkje ville feira 10-årsdagen sin, feira til slutt to dagar til endes.

Hans Åge Jordalen understreker at ein ikkje må gje opp sjølv om det kan sjå mørkt ut.

– Sjølv om ein har hatt fleire kurs i førstehjelp, vert ein usikker når ein kjem i ein slik situasjon, og er kanskje redd for å gjera feil, seier han.

– Men det viktigaste er at ein gjer noko, skyt kona inn.

– Eg trur Silja har lært noko bra av dette. Det er iallfall ein bursdag ho aldri kjem til å gløyma, seier familiefaren og får eit stadfestande nikk frå yngstedottera.

Familien Jordalen fekk katten frå ein heim i Koløya i Fitjar. Silja har allereie blitt svært glad i kosedyret. Foto: PER EGIL LARSEN

Familien Jordalen får skryt frå Veterinærvakta for jobben dei gjorde. Så snart Hans Åge Jordalen hadde fått liv i katten «Speedy», tok dei kontakt med Veterinærvakta, som har døgnopen telefon for kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Austevoll. Veterinær Kåre Hognestad seier at familien Jordalen har gjort ein god jobb. Og at det var rett å kontakta dei for å få råd.

 – Kattar er ikkje spesielt seigliva. Ein seier at dei har ni liv, men dei tåler ikkje all verda. Familien har nok vore heldig, men dei har gjort ein god jobb, fortel han.

Veterinæren legg til at ein kjem langt på veg i livreddande hjelp for dyr om ein har kurs i førstehjelp.

– Det er dei same prinsippa som gjeld for dyr som med menneske. Men ein må sjølvsagt ikkje blåsa for hardt, då volumet på ein katt er betydeleg mindre. Munn til munn-metoden og hjartekompresjonar fungerer bra. Og så må ein tenkja på varme. Ein kattunge i vatn blir fort nedkjølt, seier han.

Les heile saka og sjå video på Sunnhordland.no!