«Hundekviskraren»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje berre er Marina blant landets beste, 14-åringen er også landets yngste hundeoppdrettar. Den driftige jenta tar imot oss heime i Førresfjorden ein solrik ettermiddag. Sett vekk frå fuglekvitter og andre sommarslege summelydar, er det heilt stilt utanfor det koselege kvite huset der Marina bur saman med mamma Heidi Klovning.  

– Velkommen til min hundeverden, seier Marina blidt då ho opnar ytterdøra. Idet me tar eit steg inn forsvinn stilheita, tre ivrige, småbjeffande hundar kjem imot oss. Dei tre Pomeranianane Sebastian, Mira og Angelicka hoppar og bokstaveleg tala dansar rundt beina våre. Heilt tydeleg glade for å sjå oss.  

LES OGSÅ: Forskar på sosiale nettverk hos kyr

– Må vere herleg å komme heim til slik velkomst kvar dag?

– Å, ja. Kunne ikkje blitt betre, nikkar 14-åringen og sett seg på huk framfor dei tre firbeinte.  For kort tid sidan var dei seks. Mira og Angelicka hadde valpar samtidig for eit halvt år sidan. Mira fekk ei jente og ein gut og Angelicka to gutar.

 – Sebastian var i kullet til Angelicka, han bestemte me oss for å behalde, fortel Marina med blikket retta mot den kremfarga litle «bamsen».  

LES OGSÅ: Større sjølvtillit med hest

Les saka i Tysvær Bygdeblad!