Seier nei til aldersgrense for blogging

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Seier nei til aldersgrense

Det var på eit bokbad med Framtida.no at den tidlegare toppbloggaren og no forfattar Linnea Myhre føreslo at det burde vera aldersgrense på 16 år for å få blogga.

– Eg synest ikkje barn skal ha fritt spelerom til å blogga. Ein ser alt for mange eksempel på at det går til helvete, sa Linnea Myhre (bildet), som sjølv byrja å blogga då ho var kring 16 år.

LES SAKA: Vil ha aldersgrense for blogging

Jennie Sofie (14) er blant dei mest populære bloggarane i Noreg under 16 år, og er kjent frå NRK-serien «Jenter».

– Eg meiner ikkje det bør vera aldersgrense på 16 år for å blogga, eg er jo 14 år sjølv, skriv ho i ein epost til Framtida.no.

– Men eg synest at foreldre bør vera klar over at barnet bloggar og følgja opp rundt kommentarar og kva som blir lagt ut. Foreldra mine les alltid innlegga før dei blir publisert. Dei set klare grenser og vil ikkje la meg takka til ja sponsing og blogging rundt tema og saker som kan skapa for stor diskusjon og usikkerhet målgruppa mi. Eksempelvis kroppsbilde, mat/slanking, svar på spørsmål om storleikar på klesplagg.

Ho vil heller ikkje blogga om religion, og ho vil ha eit positivt fokus på bloggen.

– Mamma noterer seg IP-adresser på stygge ting som blir kommentert. Det er ikkje mykje hat, men det har blitt meldt ei sak for ikkje så lenge sidan.

– Eg får masse positiv tilbakemeldingar på bloggen. Mange som seier at dei gler seg til å lesa og at det er eit lyspunkt og derfor bra at eg bloggar så og seia kvar einaste dag.

Sluttar når det ikkje er gøy
Tidlegare i år vann Jennie Sofie Vixen Blog Awards for Årets ungblogg i 2014.

Ho ligg på Bloggtoppen til blogg.no. Lesartalet varierer mellom em og ti tusen kvar dag: videoar er populært og feriar og liknande påverkar lesartal.

– Den dagen det ikkje er gøy å blogga meir, då sluttar eg.

Jennie Sofie seier ho ikkje har tenkt så mykje over aldersgrenser for blogging tidlegare.

– Då burde det vera aldersgrense for å lesa blogg, då, for det er jo lesarane som kommenterer drit som gjer at ein bloggar må vera sterk. Alle er nok ikkje sterke nok til å ha ein godt lese blogg. Det sit mange småborn og slenger drit ut av seg og signerer med falske namn og anonym på fleire bloggar. Det er likevel andre sosiale medium som er verre enn blogg, meiner ho.

LES OGSÅ: Vil gi stipend til nynorske bloggarar

Frårår aldersgrense
Dagleg leiar i Ungdom og medier Alexis Lundh (bildet) synest ikkje dette er nokon god ide med ei aldersgrense.

– «Regler er til for å brytast» høyrer eg ofte når det gjeld både det eine og det andre. Eg er ikkje samd i det! Regler er til for å haldast! Eg meiner det heller ikkje vil vera realistiske verken å laga ein regel eller å handheva ein regel om 16 års aldersgrense på å kunna blogga. Uansett kva eit barn gjer seg på nett er det eit foreldreansvar og dette bør ikkje skyvast over på blogg.no eller ein annan leverandør av plattforma. 

– Bør det vera reglar for kven som kan blogga og kva ein kan blogga om?

– Når det gjeld barn er det dei føresette som har til oppgåve å setja desse reglene og når det gjeld tema vil ein koma borti lovar som omhandlar ytringsfridom. Bloggar som omhandlar tema som kan vera skadeleg til dømes sjølvskading, ekstremslanking og rasisme kan det mogleg vera lovheimel til å kunna stenga. Eg meiner òg at denne typen bloggar bør kunna stengast.  

– Kva råd vil du gje til unge som bloggar?

– Ver open, men ikkje privat! Del gjerne kunnskap og tenk om dette er noko du òg kan lesa om 5 år. Er dette noko bestemor, arbeidsgivar, lærar kan lesa? Involver vaksne i tekst og bilete. Ein føresett bør lesa alt som skal leggjast ut. Ikkje svar på anonyme kommentarar. Aldri legg ut telefonnummer eller adresse.

– Kva råd vil du gje til foreldra til unge bloggarar?

– Vêr til stades og les alt – òg kommentarar. Oppmuntra til kreativitet og glede. Ikkje la barnet visa svært mye kjensler og svingingar i tekstane. Bruk mykje tid med barnet om å snakka om sjølvbilde og identitet.

LES OGSÅ: Bloggar: – Ver deg sjølv