Elgtragedie i Skjåk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fire elgar drepne i denne isfossen

 

Fire elgar har sklidd på kjøvinga i ein foss i søre Kvittingsgroven i Nordberg i Skjåk.

Det var Hallstein Kvittingen, som ikkje bur langt unna, som fann dyra.

– Eg har høyrt korpen, og tenkt at det kanskje kunne liggje noko oppi lia, fortel Hallstein.

LES OGSÅ: Rekordbukken traskar vidare

Under ein om lag 20 meter høg foss fann han fire dyr.

– Det var ein ukse, ei ku, eit fjordyr og ein årskalv som har reist på isen, seier han. Tre av dyra har nok døydd momentant, men det fjerde har kjempa ein stygg kamp før det måtte gje tapt, fortel han.

Hallstein Kvittingen ser ikkje bort frå at det fleire dyr kan ha lidd same skjebne i vinter.

LES OGSÅ: Nazibjørnar plagar landsbygda

– Det er stygge kjøvingar alle stader, og dyra må krysse desse einkvan staden, da er det lett å reise på isen, seier han. 

Spor ved Kvittingsgrove fortel om at det har fare mange skremde dyr over den skumle isen. 

LES SAKA I FJUKEN!