Renberg mot Trump

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Singelen er skildra som eit annleis og originalt innspel i dagens politiske situasjon – og låta ligg i folkpop-sjiktet.

Den vart sleppt tysdag 25. oktober, to veker før det amerikanske valet den 8. november.

Til Dagsavisen fortel Renberg at han fryktar verda står ovanfor ei galaktisk tragedie om Trump stikk av med sigeren i det amerikanske

– Dette må vere første gang i historia at en så ukunnig presidentkandidat stiller til val. Han er beint fram ei bølle som fornærmar kvinnfolk og innvandrar. Det har tippa heilt over, til den grad at vi no finn oss i eit politisk mareritt, seier Renberg til avisa.

Forfattaren frå Stavanger er også romanaktuell for tida. Den nynorske romanen «Du er så lys» har fått svært god mottaking frå meldarhald, i tillegg til nominasjon til Bokhandlerprisen 2016.

Han er også aktuell med barneboka «Jenny» saman med illustratør Lene Ask.

I tillegg turnerer han rundt om i landet saman med gitaristen Alexander Flotve.

Renberg platedebuterte med albumet «Ingen nåde» i januar. (©NPK)