Her er favorittane til bokhandlarane
Iben Akerlie og Tore Renberg på topp.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Alle som jobbar i ein norsk bokhandlar har sagt sitt. Dei likar novellene til Frode Grytten, ekteskapsdramaet til Helene Uri og krimmen til Jan Erik Fjell.
Dei nemnde forfattarane skal alle kjempe om Bokhandlerprisen 2016.
Det skal også Anne B. Ragde, Ellen Vahr, Jørgen Jæger, Tore Renberg, Vigdis Hjorth og Ketil Bjørnstad gjere.
Les intervjuet med Tore Renberg om den nye boka hans på nynorsk!
Iben Akerlie er kanskje den store overraskinga. Ho er inne i nominasjonsvarmen med ei barnebok, som også er debuten hennar som forfattar: «Lars er LOL».
– Det er mange etablerte forfattarar på årets liste, men også nokre nye stemmer. Både ei barnebok og ei novellesamling er med i kampen om årets bokhandlarpris, seier Trine Stensen, direktør i Bokhandlerforeningen.
Bokhandlarane sin eigen pris blir delt ut etter avstemming blant alle som arbeider i norske bokhandlar. I fjor gjekk prisen til Maja Lunde for «Bienes historie».
I år skal prisen delast ut under ein seremoni 15. november på Litteraturhuset i Oslo. (©NPK)
Faktaboks
Nominerte til Bokhandlerprisen 2016:
* Anne B. Ragde, «Alltid tilgivelse», Oktober
* Ellen Vahr, «Gaven», Aschehoug
* Frode Grytten, «Menn som ingen treng», Oktober
* Helene Uri, «Hålke», Gyldendal
* Iben Akerlie, «Lars er LOL», Aschehoug
* Jan-Erik Fjell, «Lykkejegeren», Juritzen
* Jørgen Jæger, «Fortielsen», Juritzen
* Ketil Bjørnstad, «Verdens som var min. Syttitallet», Aschehoug
* Tore Renberg, «Du er så lys», Oktober
* Vigdis Hjorth, «Arv og miljø», Cappelen Damm