Rekordmange medlemar

Fleire unge ut på tur.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den Norske Turistforeining utvidar sitt tilbod mot ungdom. Resultatet er rekordmange medlemar og aukande tal ungdomsgrupper.

For alle

– Dette er ei fantastisk utvikling. Me vil at det skal finnast eit tilbod for alle som har lyst å vera med, og me er på god veg. Det er supert at ungdommen er så engasjerte, ønsker å skapa eit miljø og ta med andre på tur og aktivitet, seier Linn Jåthun, fagsjef for ungdom i DNT.

90 prosent

Ungdomsgruppa til Den Norske Turistforeining har auka med 90 prosent dei siste ti åra, og berre i år startar fire medlemsforeiningar opp nye DNT ung-grupper. I fjor deltok 24.000 ungdomar mellom 13 og 26-år på dei meir enn 500 ulike aktivitetane organisasjonen arrangerte.

– Friluftsliv er i vinden som aldri før, og stadig fleire ønsker ein aktiv Kvardag ute i naturen. Å få med ungdommen er viktig for oss, difor har me sett oss som mål at det skal vera eit ungdomstilbod i alle foreiningar innan 2016, seier Jåthun, i ei pressmelding.

Les fleire saker om friluftsliv her!

Eiga stilling

Sogn og Fjordane fylkeskommune har gjeve Sogn og Fjordane turlag 500.000 kroner årleg i tre år for å utvikla tilbodet til born og unge.

– Det er gøy at det er stå på-vilje og engasjement over heile landet. Og rekordtala viser at stadig fleire blir hekta, seier Hanna Melhus, styreleier i DNT ung.

Les saka i Sogn Avis!