Realityteater om kreft

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teaterstykket som har premiere i Bømlo kulturhus sin Black Box på måndag stiller eksistensi
elle spørsmål knytte til liv og død. Samstundes stiller det også spørsmål knytte til realitysjaneren og kva me lar oss underhalde av. Bømlo barne- og ungdomsteater set opp «Vinn & Forsvinn» som ein del av DUS – Den unge scene. Det er dei eldste elevane i teatret som 
speler i stykket. Måndag blir det sett opp to skuleframsyningar for ungdom før sjølve premiera same kveld. Nedre aldersgrense er åttandeklasse. Dette er ikkje barneteater.

Øver i vinterferien

Tysdag var dei i full sving med øvingar. Seks av skodespelarane speler altså kreftsjuke. Dei to siste speler fjernsynssjåarar som sit heime og følgjer realityprogrammet på skjermen. I tillegg kjem «dei kvitkledde» som er koristar og sceneansvarlege. Skodespelar 
Jenny Larsen (17) fortel at dei fekk vite om teaterstykket i fjor haust. Tankeprosessen har såleis vart ei stund, men sjølve øving
ane tok til for ikkje så lenge sidan. No har dei nytta vinterferien til ei intensiv øvingsperiode før førestellingane i neste veke.

Ein juksemakar

Som i alle realityprogram blir deltakarane sette på ulike prøver. Og under vegs får dei vite at ein av deltakarane ikkje er kreftsjuk. Klarer dei andre å avsløre kven juksemakaren er? Deltakarane blir røysta ut av sjåarane ein etter ein. Dette er nesten som eit slags Big Brother med kreftsjuk ungdom i hovudrollene. Skodespelarane fortel at det er spesielt å spele ungdom som veit dei skal døy. Julie Jørs (18) fortel at rolle-
figurane i stykket snakkar om både sjukdom, livet, og døden. Dei snakkar om korleis venene deira har oppført seg etter at dei fekk vite at dei var alvorleg kreftsjuke. Rollefigurane har kreftsjukdommen og deltaking i realityshowet til felles, men dei er ganske ulike som personar. Dei reagerer difor ulikt i ulike situa
sjonar (Teksten held fram under biletet).

Rollefigurane blir utfordra til å løyse ei rekke oppgåver under vegs i realityshowet. Hovudrollene blir spelte av Sondre Landvik (16), Cecilie Legøy Grutle (16), Eva Elise Tvedt (17), Olav Børreson Fossdal (16), Julie Jørs (18), Janita Nesse (18), Synne Sørenes (19) og Jenny Larsen (17).

Vanskeleg tema

Skodespelarane og regissør Krukhaug legg ikkje skjul på at det er krevjande å setje opp eit stykke med eit så alvorleg tema som kreft.

– Det kan vera nokre i publikum som kjenner nokon som har eller har hatt kreft. Me er jo redde for å trakke nokon på tærne, seier Larsen. Krukhaug legg her til at det var visning av ei scene frå stykket under jubileet til Løp for livet. Dette vart godt motteke. Larsen legg til at det er lærerikt å vera med på oppsetnad av eit slikt stykke. Sondre Landvik (16) er samd.

– I fjor sette me opp ein musikal med mykje glede, og no dette teaterstykket med andre kjensler. Det er klart at det er utfordrande å spele dette stykket, seier han.

På DNS

– Det er vanskeleg for oss å setja oss inn i situasjonen til dei me speler, men det er interessant for oss å tenkje igjennom og diskutere slikt som me ikkje tenkjer så mykje på til dagleg, seier Synne Sørenes (19). Larsen 
nikkar.

– Dei fleste unge som ikkje har opplevd dette tenkjer nok ikkje så mykje på døden. Me har nok eit annleis tilhøve til dette no som me har måtte tenkje igjennom dette, seier ho. Det blir to framsyningar opne for publikum i Bømlo kulturhus måndag og tysdag, og stykket blir også sett opp på Den Nasjonale Scene i Bergen 8. mars som del av den regionale DUS-festivalen.

Janita Nesse speler rolla som Tone i «Vinn & Forsvinn». Her presenterer ho seg for sjåarane av realityserien.

Les saka i Bømlo-Nytt!