Privatøkonomi inn i skulen?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei landsomfattande gransking som Synovate har gjort for DNB seier ni av ti at ungdomsskulen og/eller vidaregåande skule bør formidle kunnskap om bustadlån, sparing, forsikringar, budsjett og liknande.

I dag er ikkje privatøkonomi eit eige fag i verken grunnskulen eller på vidaregåande skular. Det er heller ikkje prioritert pensum på høgskular eller universitet.

– Foreldra må sjølvsagt ta sin del av ansvaret for at barna lærer seg sunt pengevett, men alle har ikkje dei same føresetnadene. Privatøkonomi bør innførast som eit eige obligatorisk fag frå ungdomsskulen, men allereie på barneskulen kan ein byrje å prate om verdien av pengar. Sidan vi er på veg inn i eit kontantlaust samfunn så det er viktig å forklare barn kvar pengane kjem frå og kva ting kostar, seier forbrukarøkonom i DNB Silje Sandmæl i ei pressemelding.

– Konsekvensen av ein dårleg privatøkonomi kan bli fatal. Det er viktig å opplyse dei unge slik at dei ikkje hamnar i «luksusfella», seier forbrukarøkonomen. (©NPK)