Prisar artistar med frimerke

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slår Elvis med frimerke

Dei fire mennene som kjem til å få andleta sine på brev og pakker over heile landet i tida som kjem, er Åge Aleksandersen, Ole Paus, Morten Abel og Sondre Lerche, skriv NTB.

Då Posten presenterte frimerka onsdag, var både Paus og Abel til stades. Paus sa at «større enn dette blir ikkje livet». Åge Aleksandersen samanlikna frimerkeutgjevinga med at han har fått ein statue av seg sjølv i Namsos.

Frimerkedirektør Halvor Fasting seier det var vanskeleg å plukke ut berre fire artistar.

LES OGSÅ: No blir det berre 30 postkontor att

– Med Aleksandersen og Paus som veteranar, Abel som representant for dei generasjonane som slo gjennom på 1980- og 1990-talet, og Lerche som representant for dei yngre musikarane, har me fått ei fin breidd i både alder og stilartar, seier han.

Det er Madeleine M. Karlstrøm som har utforma frimerka, som kostar 9, 50 kroner.

Tidlegare har det blitt gjeve ut frimerke med rockepionerar, Melodi Grand Prix-artistar og kvinnelege artistar. (©NPK)

Kven synest du fortener å koma på frimerke?