Populært å låne e-bøker

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utlånet av e-bøker auka med 86 prosent og er nesten dobbelt så stort som salet av e-bøker hos bokhandlarane. Ifølgje tal frå bransjedatabasen Bokbasen vart det selt 27.315 e-bøker i februar i år. Same månaden lånte biblioteka ut 48.043 e-bøker, skriv NRK.

Forfattar Vidar Kvalshaug meiner salet er svakt fordi forlaga ikkje satsar nok på digitale bøker, og fordi bransjeløysinga Bokskya er for dårleg.

– Ein samla norsk forlagsbransje bestemte seg for å ikkje lage ei veldig god løysing, men ei halvgod løysing. Ho har vorte utvikla litt, men det har vore ein uvilje mot å lykkast for godt med e-bøker, slik eg ser det. Dei store pengane er framleis i papir, seier Kvalshaug til NRK.

Administrerande direktør Kristenn Einarsson i Forleggerforeningen er ikkje einig i at løysinga er dårleg, og at e-boktilbodet i Noreg er meir enn godt nok. For han ligg problemet ein annan stad: i momsen på e-bøker.

– I dag er det eitt stort hinder igjen, og det er at det er moms på e-bøker. Det håper eg at politikarane endrar. Bortsett frå det, er det fritt fram å velje. (©NPK)

LES OGSÅ: Vil låna ut heilt nye bøker som ebøker