Påvirka av bygda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bak artistnamnet Jonas Alaska finn du ein 23 år gammal mann frå Åmli i Aust-Agder. Jonas Aslaksen, som han opphavleg heiter, er nominert til tre spelemannsprisar i 2011. Kategoriane han er nominert i er «Årets nykommer», «Årets mannlege artist» og «Årets tekstforfattar». Kvar kategori har sin type prestisje, men for Alaska er det nok tekstforfattarprisen som heng høgast.

– Å få den prisen hadde vore bra, det, seier Alaska.

– Korleis kan ein høyre heimbygda di i musikken din?

– Musikken min er enkelt lyrisk og jordnær. Eg trur det er på den måten Åmli blir spegla i musikken min.

Og i låten «Morning Light» syng Alaska nettopp om å sakne Åmli. Songen skreiv han då han hadde flytta til Liverpool, der han gjekk tre år på Liverpool Institute for Performing Arts (LIPA).

Til helga skal Alaska tevle mot kjende namn som Lars Vaular, Maria Mena, Odd Nordstoga, Sivert Høyem og Jarle Bernhoft. Men det er ikkje berre denne eine prisen for tekstforfattarskap som vil vere gjev for Alaska å vinne. I nykommarprisen er det eit stipend på 250.000 kroner, som kan kome godt med.

– Men om du skulle vinne ein pris, har du førebudd deg på å halde tale?

– Nei, eg har ikkje det. Eller, eg har ikkje skrive noko, i alle fall. Men eg har tenkt litt over det. Eg må jo takke folk, seier Alaska.

Ville vere Dylan
Heilt sidan han først prøvde seg som låtskrivar har han hatt eit førebilete som han har sett opp til; visesongaren med dei politiske tekstene – Bob Dylan. Og kanskje kjem det ikkje så overraskande på dei som har sett framtoningen til den unge spelemannen.

– Problemet mitt då eg starta å skrive songar, var at eg ville vere Bob Dylan. Det la eg heller ikkje skjul på, fortel Alaska.

Det var då han kom på folkehøgskulen «Trøndertun» har byrja å leve ut draumen som artist. Og han fekk ei flott mottaking for musikken han laga den gongen. Men i dag har Alaska forkasta dei første songane han skreiv. På den tida likte han det han laga, men han ser annleis på dei songane no.

Den største skilnaden på Jonas Alaska som låtskrivar då han først byrja og fram til i dag, er ifølgje han sjølv at lyrikken er meir ekte, og at han kan kjenne seg att i det han skriv. Og melodiane høyrest ikkje lengre ut som om dei er laga på 1960-talet.

Jonas Alaska – In the Backseat frå Jonas AlaskaVimeo.

Liker, liker ikkje
I haust har Jonas Alaska blitt ein offentleg person, og det er mange som meiner noko om han på bloggar, på Twitter og i media elles.

– At folk meiner noko om meg, liker eg ikkje så godt. Eg skjønner jo at det må vere slik. Det er bra at folk bryr seg om det som skjer i Musikk-Noreg. Men det er skummelt ikkje å kunne forsvare seg når folk skriv om ein.

– Gjeld dette både positiv og negativ omtale?

– Nei, det fine går greitt, seier Alaska, som seier han har vendt seg til tanken på at han må tåle det meste.

For no hender det at han blir stoppa på gata. Og han når ut til ein brei tilhøyrarskare. Det merkar han når han ser kven som kjem på konsertane hans, og kven som kjem bort for å kjøpe cd-ar og få dei signerte.

– Eg speler for småjenter, menn i 60-åra og 30 år gamle sportsfrikar, og eg er glad for at publikummet mitt er så variert, seier Alaska.

Sist haust vart det mykje speling, og no byrjar det å bli meir rutine i artistlivet til Jonas Alaska.

LES SISTE MUSIKK-NYTT HER!

– No tek eg ting litt meir med ro, som når eg er på scena. Så klart er eg nervøs av og til, men eg er ikkje livredd lengre, seier han.

For Jonas Alaska ser framover og har fleire ønskjer for det nye året;

– I musikken håpar eg at eg tek dei rette vala, med tanke på korleis eg skal spele live og korleis eg skal spele inn ny plate.

Og den unge artisten har allereie vore i studio og spelt inn nytt materiale som får plass på andreplata, når den måtte kome.

2012 kan bli eit innhaldsrikt år for den ferske artisten. I februar og mars skal Alaska ut på turné fleire stader i landet i regi av Rikskonsertane, men etter Spellemannspris-utdelinga kjem det til å brake laus også med andre speleoppdrag.

– Det blir eit tett program framover, så det er berre å manne seg opp til det. Men samtidig er det ei fin mengd konsertar eg skal spele, seier Jonas Alaska. (©NPK)

October – Jonas Alaska frå Jonas AlaskaVimeo.