På topp i Nærings-NM

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser ferske tal frå NHO som har målt nyetableringar, lønnsemd, vekst og den relative storleiken til næringslivet i kvar kommune.

Som vanleg dei siste åra dominerer vestlandskommunane, med 12 kommunar blant dei 20 beste. Dei små kommunane gjer det generelt svakare i Nærings-NM enn dei store.

Sola kommune i Rogaland er beste kommune dei siste ti åra sett under eitt. Årets overrasking er Berg kommune i Troms, som hamnar på andreplass, mens fjorårets vinnar Sandnes kjem på bronseplass.

Næringspolitisk direktør i NHO, Petter Haas Brubakk, peikar på olje, gass og fisk som drivaren til dei gode resultata langs kysten, frå Rogaland til Nord-Trøndelag.

Han seier i ei pressemelding at han har merka seg at resultata frå NM i næringsliv har ført til auka lokal debatt om korleis ein kan betra næringsklimaet kommunen sin.

– Me er godt nøgde med at det ikkje er uvanleg at lokalpolitikarar samanliknar sin kommune med nabokommunen for å triumfera eller for å læra av resultata til andre, seier han.

Faktaboks

Her er lista over dei ti beste kommunane i Nærings-NM

1. Sola
2. Berg
3. Sandnes
4. Fjell
5. Førde
6. Stavanger
7. Sogndal
8. Klepp
9. Trondheim
10. Austevoll

Sjekk ut alle plasseringane i Nærings-NM her!