Ordførar trur på gull av gråstein

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Han er svært glad for den nye strategien Klima- og miljødepartementet la fram i vår og som i større grad ønskjer folk velkomne inn i nasjonalparkane. I staden for å bli møtte av forbodsskilt og formanande peikefingrar om kva som ikkje er lov, skal det no opnast opp for miljøvennleg turisme i verna område.

– Dette er noko vi har arbeidd med i lang tid og som vi har svært gode røynsler med, seier Kjøl som har vore styreleiar for dei fem nasjonalparklandsbyane i Noreg: Geilo i Hol kommune, Fossbergom i Lom kommune, Vingelen i Tolga kommune, Nordslett i Nordreisa kommune i Troms og Jondal i Hardanger.

Sidan 2008 har dei fem landsbyane med hjelp av statleg støtte arbeidd med å bruka nasjonalparkane som merkevare, utvikla seg som tettstader og bli den naturlege innfallsporten til nasjonalparkane.

LES OGSÅ: Meiner regjeringa har svikta turismen i distrikta 

Vern gjennom bruk
– I Noreg har det ikkje vore vanleg å bruka nasjonalparkane som salsfremjande merkevare i marknadsføringa tidlegare, men i nasjonalparklandsbyane har vi gjort dette ganske tungt, seier Kjøl, som no er styremedlem i den nye fellesforeininga for nasjonalparklandsbyar og nasjonalparkkommunar.

Han fortel at landsbyane har arbeidd mykje med tilrettelegging av stiar, næringsliv, informasjon og rett og slett få folk til å koma seg ut i nasjonalparkane.

Eit viktig stikkord er vern gjennom bruk. Det inneber at dei enkelte gonger også har gjort grep inne i sjølve nasjonalparkane.

– Her på Geilo har vi til dømes bygd trapper og laga stiar langt inni nasjonalparken. Det er ikkje vanleg i Noreg, men det har vi fått prøvd ut, og vi ser at det fungerer svært bra, seier Kjøl.

Med hjelp av sherpaer frå Nepal har kommunen fått bygd ein sti med rundt 2.000 trappetrinn i stein slik at folk kan ta seg fram til toppen av Hallingskarvet.

Han peikar på at det gjev ein meir styrt ferdsel og mindre press på område med store verneverdiar.

– Til dømes styrer vi ferdselen til område i nasjonalparken der villreinen ikkje oppheld seg, seier Kjøl.

Sjølv om talet på turistar etter tilrettelegginga med trappene på Geilo har auka frå eit par tusen til rundt 30.000 i året, meiner han likevel at det gjev mindre press på området.

LES OGSÅ: Gründer på fottur 


Å oppleva norske nasjonalparkar står høgt på ønskelista for mange turistar som kjem til Noreg. Her frå Jotunheimen. (Illustrasjonsfoto: Berit Keilen / Scanpix / NPK)

– Stor overføringsverdi
Satsinga på nasjonalparkane har også verka positivt for næringslivet i dei fem landsbyprosjekta. Resultatet er mellom anna auka omsetnad i butikkane og fleire små nyetableringar. Holordføraren meiner difor arbeidet deira har stor overføringsverdi til andre kommunar.

– Vi har sagt at vi er opne for å dela når som helst med kven som helst. Slik vi ser det, er dette til beste for heile nasjonen og det nasjonale reiselivet.

Han strekar under at kommunane ikkje treng nasjonalparkstatus for å utnytta verdien av nasjonalparkane. For nokre kan det vera nok å grensa til eit slikt område.

– Ikkje alle gjestene som kjem hit ønskjer å koma inn i nasjonalparken, men dei vil ha tilgang til å sjå han. Det å leggja opp til gode utkikkspunkt har difor ein stor verdi, seier Kjøl, som oppmodar kommunar i randsona av naturparkane til å utnytta dette potensialet.

LES OGSÅ: Sjefsguiden som gløder for lokalkjende guidar 


Å oppleva norske nasjonalparkar står høgt på ønskelista for mange turistar som kjem til Noreg. Her turistar ved utløpet av Nigardsbreen, som er ein utløpar av Jostedalsbreen. (Arkivfoto: Trond Tandberg, NTB scanpix / NPK)

Ønskjer guiding i nasjonalparkane
Kjøl meiner norske styresmakter er på rett veg når det gjeld å bruka og utnytta nasjonalparkane betre, men slik han og nasjonalparklandsbyane ser det, er potensialet for tilrettelegging endå større enn det styresmaktene så langt har lagt opp til. Mellom anna meiner dei at det bør opnast for å guida inne i nasjonalparkane.

– I Mellom-Europa er dei mykje flinkare til dette. Frå landsbyane si side er det eit klart ønske om å få dette til også her i landet. Det kan òg vera ei moglegheit for næringsetablering. Men då må vi først ta opp med Miljødirektoratet om vi får lov til å sertifisera nasjonalparkguidar.

Han trur også det er viktig å auka medvitet og kunnskapen ute blant folk om nasjonalparkane.

– Det er med på å stadfesta og sikra verneverdiane som er knytt til nasjonalparkane. Dess betre vi får informert, dess betre kan vi ta vare på dei nasjonalparkane vi har, seier Kjøl som strekar under at nasjonalparkkommunane ønskjer å bruka, men ikkje forbruka nasjonalparkane.

– All motorisert ferdsel er difor heilt uaktuelt, slår han fast.

– Stort potensial for distrikta
For å få fleire til å besøkja nasjonalparkane skal det no utarbeidast eigne besøksstrategiar. Hol kommune er alt godt i gang med dette arbeidet.

– Vi er så heldige at vi er ein av pilotane også på dette område, seier Holordføraren.

Han fortel at fire nasjonalparkar skal laga kvar sin besøksstrategi og at Hallingskarvet nasjonalpark alt er godt med å merka stiar og trasear.

– Men generelt må vi bli flinkare med informasjon. Det nyttar ikkje at informasjonen er inne på fjellet. Han må vera der folk kjem, om det er på eit hotell, ein overnattingsstad eller på ein butikk.

– Korleis ser du på framtida?

– Her snakkar vi om eit enormt potensial. Viss vi gjer arbeidet med den nye strategien fornuftig trur eg det kan betyr svært mykje for norsk reiseliv, ikkje minst for distriktskommunane i Noreg, seier Tony Kjøl.


Ein visuell profil forma som ein portal er ein del av den nye strategien som skal vera med å ønskja besøkjande velkomne inn i nasjonalparkane. (Foto: Øivind Haug / Klima- og miljøverndepartementet).

Faktaboks

 Fakta om nasjonalparkar

* Noreg har i dag 44 nasjonalparkar, 37 på fastlandet og sju på Svalbard.

* 85 norske kommunar har delar av arealet sitt verna som nasjonalparkar.

* Regjeringa ønskjer no å leggja til rette for meir miljøvennleg reiseliv i og rundt nasjonalparkane. Stikkordet er vern gjennom bruk.

* Fire nasjonalparkar er med i eit nasjonalt pilotprosjekt om merkevare, profilering og besøksstrategi. Dei fire er: Jotunheimen, Rondane, Hallingskarvet og Varangerhalvøya.

Kjelde: Miljødirektoratet

Fakta om nasjonalparklandsbyar

* Utvikla på fem stader i landet: Storslett, Vingelen, Lom, Jondal og Geilo.

* Oppretta i 2009 av Miljødirektoratet.

* Er ein tettstad som skal vera ein naturleg innfallsport til nasjonalparken.

* Skal gje informasjon om å ferdast i nasjonalparken, tilby servicefunksjonar som overnatting og handling og ha ein tydeleg miljøprofil.

* I januar blei det oppretta ei felles foreining for nasjonalparklandsbyane og nasjonalparkkommunane. Foreininga heiter Norges nasjonalparkkommuner og nasjonalparklandsbyer.

Kjelde: Miljødirektoratet og www.nasjonalparkkommuner.no