Ny rapport: Befal mobbar eigne soldatar
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Befal mobbar eigne soldatar
Heile 40 prosent av kvinnene og 20 prosent av mennene i førstegongstenesta oppgir at dei er blitt mobba i militæret.
Befalet står bak 20 prosent av mobbinga, mens 62 prosent av mobbinga blir utført av andre, skriv Vårt Land.
Det kjem fram i ein forskingsrapport utført ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) ifølgje Forskning.no.
LES OGSÅ: Forskar: – Forsvaret er prega av feminin åtferd
Verbal mobbing og seksuell trakassering
Rapporten «Hva motiverer til teneste i Forsvaret? En innledende kvantitativ analyse av holdninger og adferd i Brigade Nord», vart lagt fram i førre veke.
Hovudfunnet i rapporten frå Noregs største militæravdeling, Brigade Nord, er at fire av ti kvinner i førstegongstenesta oppgir å ha blitt mobba. Det er tre gonger meir enn ved vidaregåande skule. 97 prosent av mobbinga er verbal. Resten er gjennom SMS, sosiale medium, nærgåande åtferd og lettare fysisk vald.
Til saman oppgav i overkant av 23 prosent av dei meinige at dei var blitt mobba i løpet av dei ni første månadane i teneste.
27 prosent av kvinnene oppgir i FFIs undersøking å ha blitt seksuelt trakassert i førstegongstenesta. Berre 3 prosent av mennene seier det same.
LES OGSÅ: Kvinner blir mobba ut av forsvaret
Forsvaret jobbar for å redusere mobbinga
Forskar Sverre Kvalvik ved FFI er ein av tre som står bak undersøkinga.
– Det er vanskeleg å seie om kvinner har fått det betre eller verre i Forsvaret. Frå tidlegare undersøkingar ser vi ein svak trend nedover når det gjeld mobbing i militæret. Eg sit ikkje med ei kjensle av at mobbing og seksuell trakassering er eit aukande problem i Forsvaret. Dei jobbar målretta for å redusere dette, seier ho.
LES OGSÅ: Trivst under streng disiplin