Ny målingssmell

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ap går fram 0,8 prosentpoeng til 41,6 prosent på målinga som Norstat har gjort for avisa. Tidlegare regjeringskollega Senterpartiet går fram heile 1 prosentpoeng til ei oppslutning på 5,1 prosent, mens Sosialistisk Venstreparti rykkjer fram 0,6 til 3,6 prosent.

Høgre fell 1,1 prosentpoeng til 20,9 prosent, mens Framstegspartiet går tilbake 0,3 prosentpoeng til 12,1 prosent. Også Kristeleg Folkeparti fell tilbake, med 0,5 prosentpoeng til 5,1 prosent. Venstre på si side går fram 0,4 til 5 blank.

LES OGSÅ: Studentane vender regjeringa ryggen

Om målinga hadde vore valresultat, ville Ap fått heile 79 mandat og kunne dermed fått fleirtal saman med Sp, som får åtte. SV ligg under sperregrensa og må nøye seg med eitt sete i stortingssalen. Høgre og Frp får 36 og 20 mandat. Ved stortingsvalet i 2013 var tala 48 og 29. Sjølv med støtte frå samarbeidspartia Venstre og KrF, ville regjeringspartia vore langt unna fleirtal for sine saker i Stortinget med mandatfordelinga ved denne målinga.

For dei andre partia er det denne oppslutninga: Raudt 0,7 (-0,6), Miljøpartiet Dei Grøne 4,6 (-0,2), andre 0,4 (som sist). (©NPK)

LES OGSÅ: Tre av fire veit ikkje kven som er kunnskapsminister