Norway, so much to see!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle kjenner til den norske naturen. Men Norge er så mykje meir. Norge har også kultur. Ikkje berre har landet fostra fleire store kunstnarar. Dei store norske kunstnarane har også vore mange forskjellige plassar.

Alle kjenner til Munch-museet i Oslo, byen Munch budde i. Men Norge er så mykje meir enn Munch-museet i Oslo. I Åsgårdstrand finn du for eksempel eit Munch-museum i Munchs gamle sommarhytte. Løten, der Munch blei født, har Galleri Munch.

I Grimstad finn du Ibsen-museet, i byen der Ibsen var apotekarlærling og gjorde ei dame gravid. Men Norge er så mykje meir enn Ibsen i Grimstad. I Skien kommune finn du Henrik Ibsen Museum, i huset der Ibsen budde frå han var 7 til han var 15. I Oslo finn du Ibsen-museet, i bygarden der Ibsen budde frå 1895 til 1906. Ved Gålåvatnet blir Henrik Ibsens Peer Gynt spelt i friluft kvart år. På Hellesylt kan du sjå utskjeringar inspirerte av Henrik Ibsens Peer Gynt.

Men Norge er så mykje meir enn berre Munch og Ibsen.

På Kjerringøy kan du gå i land der Knut Hamsun gjekk i land i 1879, i omgivnader som utvilsamt inspirerte mange av historiene hans. På Hamarøy, der Knut Hamsun vaks opp i omgivnader som utvilsamt inspirerte mange av historiene hans, finn du Hamsun-senteret. I Lom ligg Hamsuns barndomsheim i omgivnader som utvilsamt inspirerte mange av historiene hans. På Skultbakken i Vågå finn du Hamsun-statuen på plassen der Hamsuns foreldre budde då Hamsun blei født, i omgivnader som utvilsamt inspirerte mange av historiene hans. I Grimstad, byen der Ibsen var apotekarlærling og gjorde ei dame gravid, ligg Nørholm, som Knut Hamsun kjøpte i 1918, i omgivnader som utvilsamt inspirerte mange av historiene hans.

Like utanfor Grimstad, i ein kjellar, ligg Munch-senteret som har blitt opna av lokale entusiastar som meiner å ha funne bevis for at dersom Edvard Munch hadde budd i Grimstad, så ville han også ha gjort ei dame gravid.

Midt mellom Grimstad (byen der Hamsun budde, Ibsen gjorde ei dame gravid og Munch kunne ha gjort ei dame gravid) og Skultbakken i Vågå (der Hamsuns foreldre budde då Hamsun blei født), der ligg Levsbygda. Her møttest Ibsen og Hamsun i 1861. Dei hadde ikkje mykje å seie til kvarandre, trulig fordi Hamsun var knapt to år gammal den gongen. Midt i Levsbygda står i dag Hamsun-kroa, reist av bygdas eigen diktar Bottolf Steen, som sjølv les høgt i Hamsun-kroa tjuefire timar i døgnet heile året. Unntatt i juli. Då les han endå høgare.

Nordaust for riksvegen vestover langs Blådalen, ligg Nora Gård. Upålitelige kilder vil ha det til at det var på Nora Gård at Ibsen fekk inspirasjon til slutten i «Et dukkehjem». Kiosken er open no og då og sel tynn kaffi, Nora syltetøy og krus med lerkefugl-motiv.

På ei slette utanfor Veglausinga i Bel, ligg den såkalla Skrikarplassen, der Edvard Munch skreik i 1886. Kva som var grunnen til Munchs skrik, er uklart, men han kan ha skrike fordi han fekk auge på Ibsen-statua som står på denne plassen. Ibsen-statua vender mot Hamsun-plaketten som står førti meter lenger vest, på plassen der Hamsun ein gong skal ha skoda utover landskapet så lenge at han til slutt bestemte seg for å bli nazist.

Køyrer du fire kilometer i rett retning frå Hamsun-plaketten, kjem du til eit gammalt hus som vert kalla Det Gamle Huset. Dette huset har ei stue, akkurat som i mange av Ibsens stykke. Du kan ringe på og be om å få sjå stua. Populært er det ikkje, men du kan gjere det.

Ved Gjengparkstendin i Vafn står Ibsen-bysten på plassen der Ibsen stoppa i 1902 og seriøst vurderte å gjere ei dame gravid. Han slo frå seg planane fordi han hadde det for travelt. Han skulle vidare til Gromhalsen, kulpen der du i dag finn Ibsen-plattingen til minne om den dagen då Ibsen kom hit etter å ha latt vere å gjere ei dame gravid ved Gjengparkstendin.

Ikkje langt unna, på Steinstøra, møttest ein gong Ibsen og Munch og krangla heftig om kven av dei som burde få ein turistattraksjon oppkalla etter seg på denne plassen. I dag ligg det eit Hamsun-senter her.

To kilometer oppover ligg Edvards Vegkro. Her satt den unge Edvard Munch ein gong i eit kvarter og lurte på korleis namnet hans eigentlig skal uttalast. Suvenirbutikken på kroa er open tirsdagar mellom 11 og 13 og sel fine krus som kan uttalast både krus og kros.

God tur. Eller som dei seier på Edvards vegkro: Gud tor!

Stod først på trykk i Aftenposten 21. juli.

Les fleire artiklar av Are Kalvø her!