Noregs mest eksklusive festival?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs mest eksklusive?

Bensinstasjonen vart lagt ned for 10 år sidan, men no blir det arrangert musikkfestival for tredje gong på den nedlagte bensinstasjonen i kulturkommunen Vinje i Telemark. Årets festival går av stabelen 2. – 4. august, og no er programmet komplett. På plakaten står fleire av landets fremste artistar. 

Musikk i mange sjangrar 
I den gamle verkstadhallen gjer Katzenjammer ein av særs få festivaljobbar i Noreg i sommar, Odd Nordstoga opptrer berre nokre kilometer frå heimplassen, og Susanne Sundfør gjer ein unik solokonsert.

– Me er ein sjangerfri festival der hardingfele, hip-hop og metall står side om side. På vår festival skal publikum få oppleve artistar dei kjenner godt til, saman med sterke artistar innan sjangrar dei kanskje ikkje er like godt kjend med. Me vil gje folk musikk dei ikkje visste dei lika, seier festivalarrangør Eivind Kaasin.

LES MEIR: – Bruk festivalane meir

På scena i år står også spelemannsprisvinnarane Amund Maarud og Shining, visesongaren Oscar Danielson, popkunstnaren Sandra Kolstad, folkemusikarane Blåmann Blåmann, Ottar Kåså, Daniel Sandén Warg og Solo Cissokho, rockarane i Death by Unga Bunga, jazzmusikarane Mari Kvien Brunvoll og Streifenjunko, samt hip-hoparane Koppen og beat-gruppa Peter Berry & The Shake Set. Mellom konsertane speler Balkan Beat Party med Dj Prinsen Paulista plater, og bingokongen Ronny Haugeland held Bingo. 

Eksklusiv festival 
Bensinstasjonen har særs liten kapasitet, og berre 400 publikummarar kjem inn på festivalen. Allereie er mange av billettane seld unna. 

LES OGSÅ: Dette er årets festival

– Dette er ein unik sjanse til å oppleve god musikk i ein unik setting. Sidan me berre har ein kapasitet på 400 publikummarar kjem ein tettare på artistane, og det vert nesten som tette klubbkonserter å rekne, avsluttar Kaasin. 

Arrangør av Bøgrend Autofest er konsertforeninga Havresekken, som i 2011 fekk prisen Ragnarrocktrollet for verdifull og betydelig grenseoverskriding og nyskaping på musikkområdet.