Nordstoga til Norge Rundt

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innslaga med Odd Nordstoga utgjer den største endringa i programmets 40 års lange historie, skriv NRK.no.

Fredag fekk sjåarane fyrste reisebrev frå Nå i Hardanger. Framover vil det kome reisebrev frå andre plassar i distrikta, som Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland vitjar under Heimafrå-turneen sin. Det vert møte med personar og historier, frå stader Nordstoga vanlegvis ikkje hatt plass til på turnéprogrammet.

LES OGSÅ: Ny CD frå Nordstoga

God forteljarstemme
Odd Nordstoga sjølv tok  kontakt med Norge Rundt-redaksjonen.  

– Han reiser no rundt på små plassar i distriktet for å spele folkemusikk, og møter ei lang rekkje folk med spanande historier. Dette var historier Nordstoga ville fortelje vidare og han hadde tenkt at Norge Rundt var ein passande plass å gjere dette, seier redaksjonsleiar Lise-May Spissøy til NRK.no

Redaksjonen vart begeistra, og viste med ein gong at dette var noko dei ville ha. For å lage reisebreva har Nordstoga lånt eit kamera frå NRK på turneen.

 – Han er ein veldig god forteljarstemme, er ein komplett historieforteljar, og har handtert dette forbløffande godt, seier Spissøy.

LES OGSÅ: Ut i verda – heim til Vinje