Nord-Afrika: – Nei til eit raskt val

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nord- Afrika: – Nei til eit raskt val

Robert Rotberg er professor ved Harvard og ein av verdas leiande forskarar på konsekvensane av borgarkrig og kva som bør skje i kjølvatnet av slike konfliktar. Han har arbeidt særleg mykje med afrikanske konfliktar.

– Kva bør skje no?

– Stammene frå både aust og vest bør møtast og utvikla eit nettverk som kan styra heile Libya, men eg er ikkje åleine når eg seier at eg er redd for at det ikkje skjer. Libya vantar institusjonar, og Gaddafi har gjennom førti år gjort sitt beste for at andre ikkje kan styra. Det finst per i dag ikkje noko styringsverkty som kan gjera Libya til ein nokolunde fungerande stat.

– Kva er det beste som kan henda?

– Det er sjølvsagt at Libya vert Noreg. Sjansen for det er nok nær null. Noreg har nytta hundrevis av år på å verta Noreg. Libya har inga røynsle med demokrati og var ikkje eingong ein nasjon før Gadaffi tok makta.

– Vi får no eit maktvakuum. Kven kan taka ansvar for valdsmonopolet?

– I teorien har opprørarane no høve til å utvikla ein styringsmekanisme som kan føra fram til ei grunnlov, statlege institusjonar og eit sams lovverk som skaper eit valdsmonopol og legitimitet. Men det er altså å be om svært mykje frå folk som har null røynsle med slikt.

– Kva er det verste som kan henda?

– At vi får mange år med bitre og harde kampar mellom den austlege og vestlege delen av Libya. Det kan føra til at landet ikkje er trygt nok for oljeproduksjon, som igjen fører til at både aust og vest står utan inntekter og dimed utan høve til å byggja opp noko som helst. Vi talar om eit lite land på seks millionar innbyggjarar, men vi talar også om eit enormt land i utstrekning der store delar i røynda ikkje har vore styrde av omverda anna enn gjennom trugsmål om vald. Om dette tryggjingslimet no forsvinn etter Gadaffi, kan vi tala om år med vald. I røynda veit nær ingen kva som går føre seg utanfor byane.

– Kva bør omverda gjera no?

– Som Colin Powell sa det: «Om du øydelegg det, eig du det.» NATO må no hjelpa båe sider til å skapa eit styringsrom som langt der framme kan skapa ei slags semje om kva retning landet skal gå i. Eg vonar inderleg at NATO ikkje pressar fram snøgge val. Vi har mange døme på kor feil det kan vera. Afghanistan er sjølvsagt krondømet, men vi såg òg det same i Irak. Ein må gjera sitt beste for ikkje å skapa konkurranse mellom dei ulike partane, og val er konkurranse. Forskinga syner at i dei fleste situa­sjonar der eit regime har vorte kasta, så har vala kome for raskt. Diverre er det ein tendens til at Vesten ynskjer stadig snøggare val. NATO ynskjer no å koma seg ut så raskt råd er, og vil legitimera ei attendetrekkjing med at det har vore val. Det er feil politikk.

LES SISTE UTANRIKSNYTT HER!

– Men om vi freistar å hjelpa, og valden og borgarkrigen bryt ut att, så får vel vi skulda òg?

– Om vi pressar gjennom val, så får vi det. Men eg vonar at NATO og Vesten og Qatar, som er tungt involverte, finansierer eit styringsråd som kan arbeida metodisk og langsamt og som om eit år eller to kan laga eit slags valråd som så kan vedtaka ei grunnlov. Folket i Libya må no få høve til å skapa eit nasjonalt råmeverk som kan føra til ein slags sams libysk identitet.

– Kan vi der framme få eit demokratisk Nord-Afrika?

– Nei, noko slikt kan vi ikkje ha von om. Det vi kan vona på, er eit betre styrt område. Mubarak vart bytt ut med eit litt betre regime, og det ser generelt ut til å utvikla seg ein litt betre styringsmodell i regionen. Om det er eit land som kanskje kan verta verkeleg demokratisk, så er det Tunisia. Men Tunisia er både rikare og har vore betre styrt enn dei andre landa i regionen. Eg vonar Tunisia kan vera eit slags føredøme for Libya; mange i den libyske diasporaen lever i Tunisia og er godt utdana. Desse bør no fara heim og gje tilskot til samhald mellom opprørarane. Men Libya treng mange år for å koma seg opp på eit tunisisk nivå.

– Var det feil av Vesten å gå inn, skulle NATO ha halde seg borte?

– Nei, men sjølve prosessen var rotete og prega av forvirring, og særleg president Obama freista å ri to hestar samstundes. Men det er viktig at NATO og FN vernar folk mot diktatorar. Dimed har dei òg ei plikt til å gripa inn når diktatorane byrjar å drepa sitt eige folk.

LES SAKA I DAG OG TID!