No lyttar helseministeren til ungdommen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gir helseråd til ministeren

– Det er viktig for oss å prioritera. Både behandling og kontakt med denne gruppa er ei utfordring, seier statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Anne Grethe Erlandsen (H). Ho snakkar om korleis ungdom skal få pleie på sjukehus når dei er for gamle for Barbie og for unge for strikkeoppskrifter.

Helse- og omsorgsdepartementet legg no ein ny helse- og sjukehusplan, som skal vera klar hausten 2015. Der blir spesialisert behandling for ungdom ein eigen prioritert, og her får ungdomen sjølv bestemma korleis dei vil ha det, som Aftenposten skreiv om i førre veke. I ekspertråda er blant anna to ungdommar frå ungdomsrådet til Akershus Universitetssykehus (Ahus).

– Det som tradisjonelt har skjedd er at dei anten hamnar på barneavdelinga med Donald, eller på vaksenbehandlinga. Der er det ofte veldig vaksne folk, ofte pensjonistar. Pasientane dei er saman med er ein ting, ein anna er at fagfolk ikkje alltid ser kva som er behova til denne gruppa. Me som har hatt tenåringar i huset ser at det ofte er fysisk vaksne og psykisk ikkje så vaksne, eller omvendt. Slik er det i heile ungdomstida, seier Erlandsen.

Ei eiga gruppe

– Det me komplett manglar i dag er at ungdom blir sett på som ei eiga pasientgruppe. Det me vil ha fram er at ungdom må behandlast som ungdom, sier Stian Berg Hoff. Han er nestleiar i Ahus sitt ungdomsråd.

Håpet er nasjonale retningslinjer for overgangen mellom barneavdeling og vaksenavdeling. Han forventar ikkje å sjå dei allereie til neste år, men trur dei er godt på veg.

– Eg føler me har tatt eit godt steg i rett retning med ungdomsråd både her og på Sørlandet sjukehus. Det viser at ungdom blir stadig meir synlege, og blir tekne på alvor.

– De blir faktisk lytta til?

– Ja, eg føler absolutt det. Me heldt nyleg innlegg på nasjonal helsekonferanse, der helse- og omsorgsministeren sat på første rad. Ein merkar at ein blir teken på alvor, og at dette er ei problestilling som blir teken på alvor.

Alvorlege konsekvensar

Tone Viljugrein, seniorrådgjevar hjå Barneombodet ser den same problematikken med behandling av ungdom.

– Ungdom på sjukehus hamnar ofte mellom to stolar. I mange andre land er ungdomsmedisin ein eigen disiplin, men slik er det ikkje her endå. Ungdom blir ikkje sett på som ei gruppe med eigne behov.

Viljugrein fortel om dei alvorlege konsekvensane ein kan møta om ungdom ikkje får ansvar for seg sjølv. I dei verste tilfella har ungdomar med kroniske sjukdommar mista interessa i å ta vare på seg sjølv og si eiga helse. Då kan konsekvensane bli veldig alvorlege.

Bestemmer sjølv

Viljugrein er begeistra når ho snakkar om satsinga Helse- og omsorgsdepartementet no vil gjera med å lytta til ungdom i helsespørsmål.

– Det er jo kjempebra! Det heiter i Barnekonvensjonen at born har rett til å bli høyrd, og difor må dei ha moglegheit til å seia noko om korleis dei tykkjer helsetilbodet burde vera. Me kan ikkje laga helsetilbod til ungdom utan å vita kva dei vil ha, seier Viljugrein.

Dei det faktisk gjeld

Blant det ungdomen sjølv har etterlyst er opphaldsrom som er meir tilpassa ungdom – altså eit rom med innhald plassert ein stad mellom Donald og Allers. På Ahus har dei nettopp dette, og der var ungdommen sjølv med på utforminga.

– Heilt frå starten av prosjektet har sjukehuset vore opptekne av å lytta til  brukarane sine erfaringar. Me håpa å betra og utvikla tenester til denne pasientgruppa, og då var det essensielt å spørja dei det faktisk gjeld, seier Kjersti Wilhelmsen. Ho er ansvarleg for ungdomsrådet ved Ahus.

Overgangen

Eit viktig poeng er og handteringa av pleien etter kvart som åra går. Det fekk statsekretæren høyra om då ho møtte ungdomsrådet til Ahus.

– Ungdomsrådet var gode til å fortelja om overgangen frå barneavdelinga til vaksenavdelinga. Då er det viktig at det blir planlagd og gjennomført på ein trygg måte.

På dette punktet er det lite som fungerer i dag, ser Barneombodet. I fagrapporten frå i fjor heiter det at born under 18 år fortrinnsvis leggast inn på eigne barneavdelingar. Men ifølgje deira undersøkingar er det berre eit av tre sjukehus i landet som har 18-årsgrense, og at på nokre sjukehus hamnar born ned i 13 år på vaksenavdelinga.