– Nei, EU-valet er ikkje som Paradise Hotel

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lurte alle med val-spøk

Emelie Kaeyten lurte dei fleste med Facebookinnlegget sitt om kva ho hadde røysta i valet til Europaparlamentet.

"Jag la i Sverigedemokraterna i kuvertet för tycker det är helt sinnessjukt att någon skulle vilja ha in dom, så dom röstar vi alla ut tycker jag!!:D".

Etter at fleire hundre hadde delt statusoppdateringa hennar, og ho hadde fått spørsmål frå slekt vener Sverige over, kjende Emelie Kaeyten seg nøydd til å forklara at det heile berre var ein spøk. Ho hadde eigentleg røysta på Feministiskt initiativ – og trudde ikkje at eit politisk val fungerte på same måte som øyrådet i Robinson eller parseremonien Paradise Hotel.

QUIZ: Kva veit du om EU?

Facebook-profilen hennar skriv ho at ho er forulempa over kor mange som trur at ho faktisk er så blåst.

Til den svenske avisa Nyheter24 seier Emelie Kaeyten at innlegget viser kor lite informasjon unge får når dei skal røysta for første gong.

– Både frå høgre og venstre får me trykt i oss informasjon om kva me skal velja, men ikkje korleis me vel det. Det er jo minst like viktig, seier ho.

Sjølv etter at ho gjekk ut òg dementerte det heile som ein spøk, seier ho at det er fleire som ikkje vil tru at det heile byrja som ein spøk.

LES OGSÅ: Frir til unge veljarar med gruppesex