Tener best på økologisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forklaringa er at økobøndene får høgare tilskot frå staten.

Ei samanlikning av økologisk og ordinær mjølkeproduksjon laga av Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (Nilf), viser klart større inntening for økobønder, skriv Nationen.

Rekneskapstala til ei gruppering økologiske produsentar er sett opp mot to grupper med tradisjonelle bønder, som enten har om lag like stort jordbruksareal eller eit tilsvarande mengd mjølkekyr.

Samanlikninga viser at økobøndene tente frå 33.000 til 48.000 kroner meir per årsverk i 2012, noko som er om lag 15 prosent meir enn bønder som driv konvensjonelt.

– Ei viktig årsak er dei ekstra tilskota som blir gitt til økologisk produksjon. Dei er meir enn store nok til å kompensere for lågare avling og produksjon. Utan ekstra tilskot ville resultatet blitt langt dårlegare, seier rådgivar Ole Kristian Stornes i Nilf til avisa

Ekstratilskota til økologisk drift utgjorde 110.000 kroner i snitt per bruk i 2012, opp frå 96.000 kroner i 2008, ifølgje Nilf. (©NPK)