Natur og Ungdom er klar til å bryta lova
– Her overser dei miljøaspektet fullstendig, seier leiar i NU, Arnstein Vestre. No står fleire klar til å bryta lova for å hindra dumping av gruveavfall i Førdefjorden.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil bryta lova for fjorden
Etter at Klima- og miljødepartementet i dag ga utsleppsløyve for gruveavfall i Førdefjorden rasar både Natur og ungdom, politikarar og andre. Reaksjonane var umiddelbare.
Regjeringa går mot Fiskeridir., Miljødir. og ei samla fiskeri- og havbruksnæring, og seier ja til gruvedeponi i Førdefjorden. Håplaust.
— Sveinung Rotevatn (@Rotevatn) April 17, 2015
.@NFdep Kjære Monica Meland: Du har guts som kallar dette omstilling. Nye arbeidsplassar etter olja er ikkje dei som øydelegg sunne fjordar!
— Gaute Eiterjord (@GauteEiterjord) April 17, 2015
Hva skjedde med profileringen av Norge som naturbasert reisedestinasjon? @TSundtoft Da må vi ta vare på ressursen vår! #stoppgruvedumping
— Camilla S Gramstad (@CGramstad) 17. april 2015
LES OGSÅ: Regjeringa seier ja til sjødeponi i Førdefjorden
– Me raslar definitivt med lenkene no, seier Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom. Han er absolutt ikkje nøgd med avgjersla som er tatt av regjeringa.
– Me aksepterer ikkje dette. No har regjeringa fått lov til å ta si avgjersle, men me kan ikkje la dei gjera ein av dei reinaste fjordane våre til ein avfallsplass for gruveindustrien. Me har vore redd for ei slik avgjersle, og har samla inn aksjonistar, folk som vil bryta lova for å stoppa dette. Sivil ulydnad har stoppa slike prosjekt før, seier Vestre bestemt.
Natur og Ungdom startar reaksjonane med å aksjonera framfor Stortinget frå kl. 10.30 i dag. Dei rekrutterer også fleire til å lenka seg fast for å verna om fjorden.
– Høyrer fortida til
Gruvenæringa kan skapa 500 nye arbeidsplassar, og Næringsminister Monika Mæland meiner gruveprosjektet vil stå for verdiskaping i lokalsamfunnet.
– Noreg treng fleire bein å stå på. Engebøprosjektet skal henta ut verdifulle mineral, som blir brukt i alt frå tannkrem til måling, seier Mæland.
Arnstein Vestre trur effekten kan bli motsett.
– Det er viktig å skapa jobbar utanom oljeindustrien, men å gjera fjorden til ein avfallsplass er bak mål. Dette er også tidsavgrensa arbeidsplassar, for minerala vil ikkje vara evig. Store deler av næringslivet lokalt har sagt nei, fordi det vil gå utover dei fornybare arbeidsplassane som er der, seier Vestre, og trekk fram mellom anna sjømat og reiseliv.
Dumpinga av gruveavfall i Førdefjorden kan også øydelegga det einaste kjende kystgyteområdet for den trua arten blålange. I tillegg kan fleire andre fiskeartar bli råka.
LES OGSÅ: Lysbakken: – Regjeringa har to oljeministrar
Verstingar
Noreg er eit av berre fem land i verda som dumpar gruveavfall i sjøen. Det er pinleg og tragisk, meiner Natur og Ungdom.
– Noreg er i verstingklassen når det kjem til dumping av gruveavfall i sjø. At me er eitt av berre fem land som tillét det burde få varsellampene til å lysa. Å bruka fjordane som avfallsplass er gamaldags og høyrer fortida til, seier Arnstein Vestre.
LES OGSÅ: – 2014 var eit tapt år for miljøet