Nærsynt av studia

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

  – Før eg byrja å studere, hadde eg perfekt syn, seier Kristian Aamestad.Etter berre eit år med studiar, sleit han med å lese rutenummer på bussar.

No er han i gong med ein mastergrad, og vert sliten av å fokusere på lang avstand, til dømes på forelesingar. Øyelege Bettina Kinge fortel at slike forverringar kan skuldast store mengde lesing.

– Tidlegare trudde ein at auge slutta å vekse i puberteten, men når ein driv med mykje  nærarbeid, som lesing, vert auge forma deretter, seier ho. Ho oppdaga i eit studie av nærsyntheit blant studentar frå byrjinga av 2000-talet at 59 prosent vart nærsynte i løpet av tre års studiar, og 73 prosent vart meir nærsynt.

Ekstrem situasjon


Kristian er inne til sin fyrste synsundersøking på to år. I stolen overfor han sit Anette C. Bakketeig, optikar og dagleg leiar for Interoptik i Vaskerelven.

– Når ein er student er ein i ein ekstrem situasjon, og då tilpassar kroppen seg. Det gjer den for å kunne slappe meir av i ein lesesituasjon, forklarar optikar Bakketeig. Ho trur Kristian må anstrenge seg veldig når han skal sjå på avstand, noko som kan ha ført til at han har hatt vondt i hovudet i det siste.

Bakketeig har drive butikken i Vaskerelven sidan 2005, og kan fortelje at mange studentar kjem innom.

– Særleg når det går mot haust og det vert mindre lys ute, er det mange som merkar at dei har fått dårlegare syn, seier Bakketeig.

Brillefint
Førre gong Kristian var til optikar fekk han vite at synsstyrka has tilsvarte – 0,25 og – 0,75 på kvart auge. Etter ei reise gjennom diverse maskinar og instrument, er nye resultat klare.

Optikar Bakketeig kan avsløre at Kristians nærsyntheit er uendra. Diverre har han utvikla ein hornhinneskjevheit.

Studenten trur han vil kjøpe seg brille uansett.  

– Når bør ein byrje med briller?

– Det er heilt individuelt, seier Bakketeig. Og fortel at ho byrja tidleg, på grunn av plager med hovudpine, sjølv om ho hadde lågt avvikande synsstyrke.

– Andre ser så dårleg at dei snublar rundt i ting, men likevel nektar dei å skaffe seg briller, held ho fram.

Optikarens tips til førebygging

– Ta ein heilskapeleg synssjekk kvart andre år. På den måten kan ein tidleg oppdage teikn til alvorlege augesjukdommar.

– Ta korte pause frå lesinga ofte, og vend blikket  ut glaset for å sjå på noko langt unna.