Mild galskap på høgfjellet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Det blir ikkje så mange moltespann å sjå i resepsjonen her no lenger, slår Roar Birkeland fast, medan han speidar utover den nye skateparken i Rauland.

Det ganske vanlege, litt trauste Austbø hotell har i mange år vore eit ynda reisemål for danske skituristar og moltejegerar. Så kjøpte Erlend Larsen det. I løpet av eitt år er hotellet no totalt transformert: No gjeld ungt interiør, store saccosekkar og ein platelagt skatestig som gjeng gjennom heile resepsjonsområdet og endar ute ved den største attraksjonen av dei alle: Europas fyrste Element skatepark. 

Skateboardeliten har alt vore og prøvekøyrd den utandørs skateparken. Sikre kjelder fortel om ungar i godtebutikk-tilstandar då dei kunne sleppe seg laus der for fyrste gong for nokre veker sidan. 

Enno er ikkje parken heilt ferdig, men det nærmar seg veldig, i fylgje «verdas beste rampesnekkar», som Gunnar Løge ubeskjedent og med mykje glimt i auget omtalar seg som. Han og medhjelpar Roar Birkeland er i gang med den siste finpussen på anlegget, før det skal opnast offisielt 18. juni. 

Å vera fyrst … 
Sjefen sjølv, Erlend Larsen, er stolt og glad for å ha fått på plass nyskapinga. Så vidt han veit, er Camp Vierli det fyrste skate in/skate out-hotellet i verda, og den utandørs Element-parken er altså Europas fyrste i sitt slag. 

Erlend har alltid vore litt oppteken av å vera fyrst ute, og jammen har han altså klart det igjen. Ofte er Vierli ein av dei fyrste skiparkane og bakkane som opnar for vintersesongen. 

– Men med klimaet me har her, skjønar eg at eg ikkje kan vera fyrst ute med å opne skateparken for sommarsesongen. Så då måtte me heller vera fyrst på andre område, humrar luringen frå Rauland. 

Anlegget ute er spesielt på fleire måtar. Utsikten er spektakulær, og både Erlend og skaterampesnekkarane trur både hotellet og parken kjem til å bli vidgjetne på grunn av den. Elementparkane rundt i verda har eit naturprega image, og slik sklir Camp Vierli rett inn.

Dessutan er skateparken heildekt med spesialtreplater. Det er også annleis enn det brukar vera – det vanlege er å ha betong eller asfalt i botn. Men på Camp Vierli i Austbø var kun det beste godt nok, og skatarane kan difor køyre «saumlaust» rundt i heile anlegget, utan brå overgangar. 

Vil ha med dei lokale 
Camp Vierli kjem til å få mange av gjestene sine gjennom skatecampar i sommarhalvåret, både veke- og helgesamlingar. Men Larsen vil også at dei lokale skal få nyte godt av anlegget. 

– Me vil få til ei sesongkortløysing, og gjera det mest mogleg smidig for dei lokale å vera her. Me vil få til noko saman med kommunen og gje dei lokale eit tilbod, seier Larsen.

Håpet og trua er at ein får bygd opp eit skatemiljø i Vinje.

– Om fem år er det raulandsskaterar på kartet, garantert, trur Birkeland. 

Gode haldningar 
Skateparken og hotellet har eit rusfritt image. 

– Me satsar på utøvarar som vil køyre park både sommar og vinter – ikkje drive og surre med andre ting, slår Larsen fast. 

Han er imponert over haldningane og kunnskapane til dei køyrarane han kjenner frå ski- og brettmiljøet. 

– I motsetning til fotballen, der det handlar om å slå motstandaren, er dette ein sport der ein hjelper kvarandre fram og heiar på einannen. Dessutan dukkar det opp andre hobbyar og utvikling av andre eigenskapar i kjølvatnet av brett-, skateboard- og skikøyringa, som foto, video og redigering, seier Erlend. 

– Dessutan er skatemiljøet svært gode til å utløyse offentlege midlar, seier Erlend, som har fått 750.000 kroner frå Innovasjon Noreg til bygginga av skateparken. 

Til saman har han investert over to millionar kroner i å gjera om gamle Austbø hotell frå eit eldorado for molteplukkarar til eit eldorado for brett- og skiungdommen. No vil tida vise kva neste påfunn frå Vierli-gründeren blir. Kva med surfing?

Les saka i Vest-Telemark Blad!