MDG vil gi bygdefolk sponsa elbil

Miljøpartiet Dei Grøne foreslår i sitt alternative statsbudsjett å sette av 170 millionar kroner til ei støtteordning for bygdefolk som vil lease elbil.

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.12.2017 13:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pengane skal blir tilbodne folk med dårleg råd som bur i område der kollektivløysingane er dårlege, opplyser MDGs stortingsrepresentant Rasmus Hansson til Dagsavisen.

– Både 1.000 kroner i månaden for leasingbeløpet og eit rentefritt lån for å betale eingongsinnskotet på 30.000-50.000 kroner, forklarer Hansson.

Tanken er at folk som ikkje har så god råd, skal kunne søke kommunen sin om elbilstøtte, som dei skal få av Husbanken.

– Derfor styrkar vi Husbanken med 170 millionar kroner som skal øyremerkast til dette. Med denne ordninga reknar vi med å få 10.000 nye elbilar på vegane i 2017, seier Hansson.

MDG legg fram sitt alternative statsbudsjett torsdag. (©NPK)