– Mange får kritikk for å ikkje vera samisk nok

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje samisk nok?

– Det er masse stereotypiar: At me alle saman joikar, at me berre kan samisk, at me drikk veldig mykje, at me har snøscooterar i hagen og at me har reinsdyr, seier Sajje Solbakk.

19-åringen er leiar i Oslove Noereh, ein samisk ungdomsorganisasjon i Oslo.

No trur du kanskje at Oslove er inspirert av den populære emneknaggen, men nei då, Oslove var det sørsamiske namnet på hovudstaden lenge før det vart trendy på Instagram.

– Me fekk mail om at nokon hadde teke patent på Oslove, men det går jo ikkje, fordi det er eit samisk stadsnamn, ler Sajje.

LES OGSÅ: Snakk samisk t’mæ. Sametinget lærer deg å flørte på samisk!

Reinsdyrmyta
Akkurat kor mange samar som bur i Noreg, finst det ikkje oversikt over. Difor er det vanleg å gjere eit anslag ut ifrå kor mange som bur i samiske område. I 2013 var dette om lag 55.000.

Under ti prosent av desse har reinsdyr. Likevel må både Sajje og syskenbarnet Dávvet Bruun-Solbakk stadig vekk forklare at dei ikkje har reinsdyr.

Sajje meiner likevel at det er vanskeleg å klandre folk for desse stereotypiane, som ofte vert fremma gjennom media.

– Det er jo ikkje så rart. For det er ikkje så spanande å skriva om kva me eigentleg gjer, fordi det ikkje er noko meir interessant enn andre nordmenn, smilar Sajje.

Dei er stolte over den samiske kulturen og primærnæringane som strekk seg frå fiske og gardsdrift til reinsdrift på vidda, men Dávvet understrekar at det har lite med kvardagen til ein ung same i Oslo å gjera.

Han etterlyser meir kunnskap og meiner skulen må ta ansvar for å lære elevane om samisk kultur i dag – ikkje berre historia.

LES OGSÅ: No blir det enklare å bruka samisk i sosiale medier

Sápmi Pride
Dávvet er konstituert nestleiar i Oslove Noereh og var i år leiar for den aller første Sápmi Pride.

– Om du er skeiv same er det ofte slik at du føler deg ikkje forstått i majoritetssamfunnet, men du føler deg heller ikkje forstått i det samiske miljøet. Så då fell du litt utanfor, seier 21-åringen, som likevel har funne sin naturlege plass i det samiske miljøet.

– Eg trur det at me kjem frå ein kjent, politisk engasjert samisk familie har gjort det lettare for meg å vera open i media om min identitet og mi legning. Det trur eg handlar om at eg er samisk nok. Det er mange som gjer endringar i det samiske samfunnet og leikar seg med kofter og andre samiskinspirerte ting, men då må du vera samisk nok. Mange får mykje kritikk for å ikkje vera samisk nok, forklarar Dávvet.

Nettopp dette trur Sajje at er sårt for mange. Ho kjenner til problematikken gjennom far sin, som ikkje lærte samisk i oppveksten på grunn av fornorskinga.

– Dei har heile tida fått høyre at dei ikkje er samiske nok, fordi dei ikkje kan språket. Eg trur det er veldig ømt for mange. No er det mange unge som engasjerer seg for å lære språket, samtidig vil du ikkje pressa folk til at dei må kunne språket for å vera samisk. Ein vil at det skal vere greitt å berre kunne norsk, sjølv om ein vil at flest mogleg skal kunne samisk, forklarar ho.

LES OGSÅ: Det er langt frå Kautokeino til Grünerløkka

SajjeogDavvet2
Sajje og Dávvet synest det er fint å kunne slengje på seg partykofta, som er meir praktisk og casual enn den tradisjonelle kofta.

Samiske normer
Dei fleste forbinder samar med den tradisjonelle blå kofta. Her er det viktig at magebanda skal vere riktig og silken rett til konfirmasjon og fest, elles kan du risikere at ei gamal tante kjem med peikefingeren. På grunn av desse strenge reglane har Sajje nesten lagt den tradisjonelle kofta si på hylla.

– For meg representerer den tradisjonelle kofta det samiske samfunnet. Det er så mange normer og reglar for korleis det skal sitje, så mange reglar for korleis det skal sjå ut for å vere perfekt. Det likar eg ikkje, og eg kjem til å utfordre det så lenge det så lenge det representerer korleis eg opplever at det samiske samfunnet er. Når det samiske samfunnet vert meir inkluderande og fleire ting blir lov, kjem eg kanskje til å koma tilbake til den tradisjonelle kofta, seier Dávvet, og legg til:

– For det er jo veldig kult. Og kjempefint!

LES OGSÅ: Samar er ikkje som alle andre: Dei er rett og slett meir engasjerte.

Partykofta
Sajje og Dávvet sine antrekk lemnar lite tvil om kvar inspirasjonen kjem frå, men både stoff og detaljar er noko heilt anna.

For mange samar er den tradisjonelle kofta ein veldig høgtideleg ting, medan partykofta kan tilpassast kvar enkelt og kan reflektera enkeltindivid. Dette tykkjer dei to syskenborna er ein styrke.

– I Oslo har ein ein heilt anna måte å kle seg på enn nordpå. Det er til dømes mykje strengare i Kautokeino. Skulle me teke på kofta der hadde det teke oss fleire timar, men i dag har me brukt tre minutt, forklarar Dávvet.

På den måten tykkjer han at dei moderne partykoftene er meir praktisk og casual, slik stemninga i Oslo er.

– Her er ein kome lenger med tanke på inkludering av folk som føler seg samiske, som nettopp har funne røtene sine og vil læra språket. Eg trur det er litt enklare å koma inn i miljøet her, fordi ein er sopass opne, forklarar han.

LES OGSÅ: Kvifor held nokre bygder på dialekta, og andre ikkje?