Malakoff har nådd grensa

– Me prioriterer den gode festivalopplevinga, seier sjefen for Malakoff. Festivalen som no kanskje har Noregs største festivalcamp.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Malakoff hadde kring 10.000 på festivalområdet kvar dag, og 22.000 selde billettar i rekordåret i fjor.

– Då sette me tak på storleiken. Festivalområdet kunne nok hatt plass til fleire, men me har nådd grensa for overnattingsplassar, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal til Framtida.no.

LES OGSÅ: Åtvarar mot veksesmerter i festival-Noreg

Størst i Noreg?
Med 5000 ungdommar på festivalcampen er dei størst på Vestlandet og truleg største festivalcamp i Noreg.

– Ein av suksessfaktorane er mini-Roskilde-kjensla, der festivalcampen ligg inntil festivalområdet. Fleire av dei som kjem er 17-18 år gamle og får si første festivaloppleving her, fortel Naustdal.

Han er nøgd med billettsalet så langt.

– Det har vore veldig fint. Om blir utseld eller ikkje veit me ikkje enno, men det ser ut for at det blir det. Me pleier å selja 40 prosent av billettane siste veka, seier han.

Mange frivillige
Under årets Malakoff er det i alt over 800 frivillige i sving.

– Det har gått betre enn nokon gong å få tak i frivillige, seier Arnt-Ivar Naustdal.

Dei første 6-700 går av seg sjølv, medan dei siste pleier dei å måtta jobba for å få på plass.

– Det er ganske mange frivillige, og har blitt nesten ein minifestival i festivalen. Utan dei frivillige blir det ingen festivalen. Difor feirar me dei med å ha ein eigen Kim Larsen-konsert, avsluttar Naustdal.

Bryr publikum seg om helsa si når dei er på festival? Me var på Malakoff i 2014:

LES OGSÅ: Set festivalen framfor helsa