Lovar kamp mot skatteparadis

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Etter eit år med medlemsvekst og auka antal lokallag, store politiske sigrar som å ha fått fleire politiske parti til å gå inn for meir etikk i Oljefondet og hatt deltakarrekord på årssamlinga vår, er det fantastisk å få tillit til å halde fram som leiar for Noregs beste ungdomsorganisasjon, seier Changemaker-leiar Ingrid Aas Borge.

Med seg i det nyvalde sentralstyret får ho nestleiarane Ingebrikt Kvam (23) frå Rennebu og Hanne Sofie Lindahl (23) frå Oslo.

Organisasjon i vekst
Med kring 1500 medlemer og over 20 lokallag er Changemaker sjeldent store og sterke, og stadfestar posisjonen som Noregs største ungdomsorganisasjon som jobbar med utviklingspolitikk og Nord/Sør-spørsmål. På årssamlinga var det historisk høg deltaking med 85 delegatar, og det er rekord i organisasjonens historie.

Kamp mot skatteparadis neste
I helga vart det òg vedtatt ny politikk for Changemaker, og i juni startar den neste store kampanjen, og temaet er kampen mot dei urettferdige skatteparadisa. Ulovleg utstrømming av kapital frå utviklingslanda tilsvarar omtrent ti gonger så mykje som verdas samla bistand, og skatteparadis er den største årsaka til det.

– Difor skal vi få jobbe for Noreg tek leiinga internasjonalt i kampen mot skatteparadis, slik at fattige land får den skatten dei har krav på, sier Ingrid Aas Borge. 

Kva meiner du Noreg bør gjera i kampen mot skatteparadisa?