– La syttenåringane køyre bil åleine

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– La 17-åringar køyre åleine

Om forslaget til Trygg Trafikk blir gjennomført, får ungdom meir erfaring bak rattet, og det kan i sin tur redusere talet på ungdomsulykker, etter utrekningar som Transportøkonomisk institutt (Tøi) har gjort.

– I dag får ikkje ungdommane nok erfaring bak rattet før dei blir sleppte ut på vegen med ferske førarkort. Vi foreslår ei gradvis utviding av førarretten, der syttenåringane kan kjøre åleine med visse restriksjonar, seier direktør Kari Sandberg i Trygg Trafikk i ei pressemelding.

Ifølgje Tøi kjem mange av ulykkene av at førarane ikkje er så teknisk gode og dessutan ikkje forstår samspelet i trafikken godt nok.

Trygg Trafikk foreslår eit prøveprosjekt i ein avgrensa del av landet, der ungdommane som er med, får køyre bil frå dei er 17,5 år med nokre restriksjonar.

Les òg: – Avgrens fridomen til unge sjåførar

Ungdommane må først ha gjennomført minimum 100 timar dokumentert eller sjølvrapportert øvingskjøring, og dei må ha teoretiske og praktiske kunnskapar som svarer til dagens førarprøve.

I tillegg får dei forbod mot å kjøre om natta mellom klokka 23 og 06, og forbod mot å ha passasjerar under 25 år i bilen.

Dei siste fem åra har 241 bilførarar i alderen 18 og 19 år omkomme eller vorte hardt skadde på vegane.

– Eit prøveprosjekt kan gi oss svar på om dette er eit effektivt tiltak for å redusere ungdomsulykkene, seier Sandberg. (©NPK)

Les òg: Unge jenter vel farleg i trafikken

Kva meiner du? Er det på tide at 17-åringar får køyre bil åleine?