Kysse-forbod på skulen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kysse- forbod på skulen

 – Me får gule lappar for å kyssa og å klemma. Gutar og jenter har ikkje lov å sitja på same stol eller å sitja på fanget til kvarandre, fortel Lars Tobekk til Suldalsposten.

Elevane på Sand skule har fått streng beskjed om at det er best å ikkje vera for intime medan dei er skulen.

– Lærarane er nok berre misunnelege, kommenterer ein elev ved skulen i Ryfylke.

– Ikkje vanleg oppførsel
Det er ikkje blitt stadfesta om misunning er grunnen til forbodet, men Suldalsposten har i staden fått denne forklaringa frå rektor Randi Ese Ur:

– Som skule har me eit oppdragaransvar. Me har ansvar for å læra elevane å visa folkeskikk. Det er ikkje vanleg oppførsel å driva med kyssing og klining overalt. Til no har ingen elevar fått nedsett ordenskarakter på grunn overdriven kyssing eller klemming.

LES OGSÅ: – Gruppearbeid er ein katastrofe

– Ekkelt
Gunn Bjørg Slåtto er leiar i Foreldreutvalet for ungdomstrinnet. Ho støttar rektor i det strenge regimet mot kjærteikn i skuletida.

– Dette handlar om folkeskikk. Det er heilt greitt at skulen er restriktiv, seier ho, og legg til at amorøse par kan verka ekskluderande på medelevar i skulegarden.

TEMA: Les fleire saker frå ungdomsskulen!

Rektor Randi Ese Ur fortel at yngre elevar har reagert negativt på klining i skulegarden. Dette synest dei er ekkelt, og det meiner rektoren at dei som lærarar skal ta omsyn til.

Kva synst du om kysse-forbodet på skulen?