Kva skal til for å bli toppidrettsutøvar?

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– «Chunking» er svært viktig

Gena dine kan forgi svar på om du har raske muskelfibrar, kor mykje du bør trene, og korleis du vil respondere på ulike typar trening. Men kan gentesting erstatte fysiologiske testar og målretta mengdetrening?

– Gentesting for å identifisere framtidige toppidrettsutøvarar er sexy, men ikkje effektivt, seier David Epstein, forfattar av boka Idrettsgenet.

Boklansering og debatt
Denne veka er Epstein i Oslo for å delta i debattar om kritisk sportsjournalistikk, samt lansere den norske utgåva av suksessen The Sports Gene frå 2013.

I boka utforskar Epstein vitskapen bak kvifor nokre utøvarar er betre enn andre. Kva er det som gjer at nokre er betre frå naturens side? Og kva rolle spelar trening og innsats?

LES OGSÅ: Spreke born, smarte born

David Epstein heldt føredrag under lanseringa av den norske omsetjinga av Idrettsgenet denne veka. Foto: Framtida.no

Grupper av informasjon
Noko av det som kjenneteiknar toppidrettsutøvarar er ei svært velutvikla evne til å kjenne att grupper av informasjon, kalla chunks. Dei verkeleg gode utøvarane er ekspertar i å raskt oppfatte omgivnadene sine, og så forutseie kva respons som vil fungere best.

– «Chunking» er svært viktig både i sjakk og i ulike fysiske idrettar, fortel Epstein.

– 10 000-timarsregelen er ubrukeleg
Dei fleste kjenner til 10 000-timarsregelen, popularisert av Malcom Gladwell i boka Outliers (2008). Ifølgje Gladwell krevst det 10 000 timars målretta trening for å verte ekspert innan eit område. I føredraget sitt forklarte Epstein at forskinga som ligg bak den velkjende overskrifta ikkje gir grunnlag for ein slik overforenkla regel for trening og suksess.

Epstein har sjølv eit forslag til ein ny regel: «The 10 000 hours-plus-or-minus-10 000-hours rule». Nokre idrettsutøvarar treng svært mykje meir enn 10 000 timar med hard trening for å verte gode, mendan andre krev mindre. Somme er rett og slett betre eigna til toppidrett frå naturens side.

Breiddeidrett
Dei fleste moderne sportsforskarane er einige om at barn og unge bør halde på med varierte idrettar så lenge som mogleg før dei spesialiserer seg. To døme trekt fram av Epstein er den britiske roaren Helen Glover (bildet) og den sveitsiske tennisspelaren Roger Federer. Begge desse toppidrettsutøvarane dreiv på med varierte idrettar før dei spesialiserte seg.

I USA har dei i lang tid praktisert spesialisering frå ung alder, ein strategi Epstein meiner vil vere eit problem på lang sikt.

– I USA har vi store problem med å utvikle talent frå junior-nivå til senior-nivå, seier han.

Persontilpassa treningsopplegg
Stadig meir informasjon om kropp, arv og miljø gir eit komplekst bilete av kva som skal til for å verte toppidrettsutøvar. Den internasjonale trenden er persontilpassa treningsopplegg basert på fysiologiske testar og personleg oppfølging for å legge til rette for maksimal utvikling av potensialet til den enkelte. Kroppane våre er ulike, og då må også forventingane til prestasjonar og forbetringar vere ulike.

Og kva er årsaka dersom du framleis ikkje vert aller best?

– Problemet er deg, avsluttar Epstein.

LES OGSÅ: – Northug har ein poetisk råskap over seg

Faktaboks

• David Epstein arbeider som journalist i ProPublica (tidlegare i Sports Illustrated), og har dekka sport, medisin og OL i fleire år. Han var sjølv ein engasjert 800-meterløpar.
• Epstein avslørte dopingmisbruket til den amerikanske baseballspelaren Alex Rodriguez i 2003, og har også skrive om bruk av mellom anna astmamedisin i amerikansk toppidrett.
• Boka The sports Gene kom ut i 2013 og vart ein New York Times bestseljar. Flint forlag står bak den norske omsetjinga.