Krise, velferd og demokrati

Olav Magnus Linge
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ly av finanskrisa får mørkeblå politikarar gjennom punktet som alltid står øvst på agendaen; å svekke eller avskaffe rettar og velferdsordningar arbeidarrørsla har kjempa fram. Sist ute er den konservative regjeringa i Storbritannia, som aukar eigenbetalinga i høgre utdanning. Trass valdsame og valdelege protestar verkar den høgreregjeringa fast på at det er vanlege studentar som skal ta rekninga for statsgjeld og økonomisk krise.

Velferdskutta er dobbel dose av feil medisin for Europa. For det første skaper velferdskutta utryggleik og dårlegare levekår for vanlege folk. Urettvisa er åpenbar; dei av oss som aldri har flytta ei krone i børshandel må betale, medan bankane får skattefinansierte redningspakkar. Slikt må ein kalle med rett namn; det er klassepolitikk, for dei rike.

Men velferdskutta vil ikkje berre gjere kvardagen tøffare for mange medan krisa står på, dei vil også bidra til at krisa får varer lengre. Høgrepolitikken er beste oppskrift på fleire år med høg arbeidsløyse, låge investeringar og lite fart i økonomien. Lågare velferd, lønnsfrys og oppseiingar i offentleg sektor, vil i sum bety mindre kjøpekraft og dermed dårlegare omsetjing for bedrifter flest. Konsekvensen av det vert ein ny skru på ein nedgåande spiral; fleire konkursar, fleire oppseiingar, fleire utan arbeid. Slik vert krisene både lengre og verre.

LES SISTE UTANRIKSNYTT!

Om heile 1990-talet var prega av større og mindre økonomiske sjokk (Argentina, Asia, Mexico, Russland) , var økonomiske kriser for lengst skrive ut av økonomipensum. Kriser var liksom noko som høyrte 30-talet til. Før sosialdemokratar og økonomar lærte seg korleis “marknaden kunne styrast til det beste for alle.” Men kapitalismen oppfører seg aldri slik lærebøkene vil ha det til. Mangelen på demokrati, på innsyn og overordna styring, gjer at kapitalismen alltid vil bli prega av kriser og irrasjonalitet.

På kort sikt er den viktigaste kuren mot krisa vilje til offentleg styring og investering. Framfor å skjere ned og seie opp, bør fleire pengar brukast på å løyse samfunnsnyttige oppgåver – frå å bygge bustader og vegar, til å behandle sjuke og gamle. Berre slik kan det bli fres i økonomien på ny. Men på lang sikt er det viktigaste tiltaket mot nye katastrofar, at verdsøkonomien får ein solid dose demokrati. Det må bli slutt på at direktørar og aksjonærar er dei som bestemmer over korleis pengar og rikdom skal investerast og forflyttast. Det må bli slutt på at avgjerder som kaste heile verda ut i kriser, vert teke i lukka styrerom i private selskap. Nye demokratiske eigeformer må ta over for fossilane som blei til for fleire hundre år sidan; dei som har som føresetning at folka med mest pengar, automatisk er dei same folka som vil og kan det beste for samfunnet. Arbeidareige, offentleg eigeformer og samverke høyrer framtida til. Om du vil kan du kalle det sosialisme.

Denne artikkelen blei først publisert i Mot til å meina-bloggen!