Kontorarbeidarar forbrenn like mykje som jegerar

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jakt like krevjande som kontorarbeid

Få i deg fleire kaloriar enn du forbrenn av gjennom fysisk aktivitet, og du vil bli overvektig. Vår stillesitjande vestlege livsstil har ofte fått skulda for dei stigande nivåa av fedme. 

Dette syner seg no å i alle fall vere delvis feil.

Hazdafolket, eit jegerfolk Nord-Tanzania, vart brukt som ein moderne manifestasjon av beite livsstil: dei skaffe seg mat utan hjelp av moderne verkemiddel. Med hjelp av berbare GPS-einingar, berbare respirometersystem og urinprøver, spora forskarane Hadzaane sine daglege gangavstander og mælte energiforbruka deira når dei går og når dei kviler. Desse dataa vart sammenlignet både til einskildpersonar og til folkegrupper i Vesten. 

Som rventa var Hadza, i gjennomsnitt, mykje meir aktive enn medlem av vestlege samfunn. Meir overraskande var det at det var inga signifikant tverrkulturell skilnad i det totale energiforbruket mellom menneske av same alder og kroppssamansetjing, i det minste delvis fordi vi forbrenn meir kaloriar ved berre å sitje i ro enn Hadza-folket gjer.

Det totale energiforbruket var merkeleg nok konsistent på tvers av globale kulturar og økonomiar, og er kanskje "meir eit produkt av den felles genetiske arva vår enn dei ulike livsstilane våre." Så om du jaktar på og drep middagen sjølv eller grip tak take-out etter å ha sete føre ei datamaskin heile dagen, treng du omlag same kaloriinntak for å supplere energiforbruket. 

Med skilnader i energiforbruk teke ut av likninga over, desse resultata synst å indikere at det er auka kaloriinntak som bidreg til fedme.

Les òg: Store brusflasker forbodne

Trening mindre viktig
– Særs interessant, og eg registrerer at dette er utført med solide vitskaplege metodar, påpekar Jøran Hjelmesæth, fedmeforskar ved sjukehuset i Vestfold, til Dagens Næringsliv.

– Skal vi få bukt med fedmeepidemien, må folk forstå at det ikkje er treninga det står på. Trening er bra for helsa, og det kan hjelpe om ein ynskjer å gå ned i vekt, men vi må ikkje la oss lure, seier han. 

Les òg: Fruktsukker like ille som `ekte`sukker

– Du skal springe forferdeleg mange timar i veka for at du skal gå vesentleg ned i vekt – om du ikkje endrar kosthaldet ditt. 

Kjelde: Hunter-Gatherer Energetics and Human Obesity