Konsertar grusar platesalet

Konsertar har teke over for platesal som den viktigaste inntektskjelda.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Festivalar og andre konsertar står for heile 50 prosent av omsetnaden i musikkbransjen. Det kjem fram i rapporten «Musikk i tall 2012», som vart presentert torsdag.

Totalt var omsetninga til musikkbransjen dette året 3,1 milliardar kroner, kor 247 millionar kroner var eksportinntekter.

Drygt 1,5 milliardar kroner av omsetnaden er frå konsertverksemd, og rapporten er oppløftande lesing for norske konsertarrangørar, meiner Norsk Rockforbund.

– Dette er ei stadfesting på kor viktige norske konsertarrangørar er, og ikkje minst viser det at det norske folk set stor pris på jobben som blir lagt ned. Det er gledeleg, som konsertarrangøranes interesseorganisasjon, å registrere at folk er svoltne på konsertopplevingar heile året, seier Gry Bråtømyr, fungerande dagleg leiar i Norsk Rockforbund. (©NPK)

Les siste musikknytt her!