Kongedøme

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å leve for andre er adrenalinfylt i seg sjølve.

Daniel Joakim Kleiven (23) likar adrenalin. Og å skape, jobbe med ungdom og gje noko tilbake til dei som ikkje er så heldige å vere født i Noreg.

Kanskje ikkje så rart då at han samla ein gjeng av sine beste vener og spurte korleis dei best kunne gjere ein forskjell.

Resultatet er klesmerket Kingdom, som blandar stil med samvit, ifølgje gründaren frå Telemark.

– Vi ønskjer å skape ein ungdomskultur med større fokus på det å leve for andre, seier initiativtakaren.

Leve for noko større
– Eg er hundre prosent overtyda om at livskvaliteten og lidenskapen i livet til alle menneske ville stige betrakteleg om vi vart flinkare til å rette eit positivt fokus mot takksemje og andre, framføre oss sjølve, seier Daniel, over Skype frå London School of Economics, der BI-studenten er på sommarkurs.

Kingdom er ein livssynsnøytral organisasjon, som gjev ein fjerdedel av inntektene til humanitære saker. Mellom anna støtter Kingdom eit prosjekt som kjempar mot menneskehandel og sexslaveri i Kambodsja. Bedrifta er laga av ungdom, drive av ungdom og lagar klede for ungdom. Det er menneska som er i fokus.

– Ungdommar vil engasjere seg, men veit kanskje ikkje alltid korleis, seier Daniel. Han meiner det bur mykje i ungdom.

Her kan du sjå Kleiven forklare ideen bak Kingdom.

– Ungdom ønskjer verkeleg å endre verda, heilt til vi blir vaksne og vert fortalt at det ikkje er mogleg. I Kingdom ønskjer vi å gjere det mogleg å leve for noko litt større, seier han.


MØTE: Etter nære møte med menneske fekk Daniel eit sterkt ønskje om å gjere noko. Her frå ei reise til Manila, Filippinene. Foto: Øyvind Stokkan.

Ideen til ei bedrift som har menneskerettar i fokus fekk han etter nære møte med folk i naud.

– For to år sidan reiste eg til Uganda for å arbeide på barneheim. Eg tenkte: no skal eg brette opp ermane og verkeleg gjere ein innsats. Men eg innsåg snart at det var allereie mange fantastiske menneske der som gjorde den jobben.  

Daniel avgjorde at han ikkje trong reise til Uganda for å gjere noko. Det var kanskje ikkje den beste vegen heller, trur 23-åringen frå Bamle.

– Det er jo eigentleg ein god nyheit. I staden ville eg  utnytte det privilegiet det er å vere født i Noreg.

Den norske bobla
– Vi nærar ein liten frustrasjon over den norske bobla, seier Daniel frå biblioteket i London.

– Det er ikkje kva du seier, men kva du gjer som er viktig. Hevdar ein at alle er like mykje verdt har det konsekvensar. Eit somalisk liv er like mykje verdt som livet til naboen min, og ein ugandar kan like gjerne bli bestevennen min som ein nordmann. Eg vil strekkje meg langt for å stå ved bestevenen min si side, seier studenten.

Han meiner det ligg enorme moglegheiter i å tenkje menneske og næringsliv på same tid.

– Langt frå alle er født med same utgangspunkt, men gjennom Kingdom kan vi få kapital som vi kan bidra til å skape moglegheiter for fleire.

LES OGSÅ: Laboratorium for velferd

BI-studenten, som også er teologistudent og snowboardinstruktør, meiner kapitalismen i utgangspunktet var fundamentert på ideen om å bruke pengar til å skape godheit.

– Ei av drivkreftene bak den moderne kapitalismen var den protestantiske arbeidsetikken som i si beste form var retta mot å skape mest mogleg, for å kunne nytte det til å fokusere på menneske med velferd og godheit, utdjupar han.

– Ein eller annan stad på vegen vart vi like opptekne av pengane sjølve.

Utvide kongedømet
Ambisjonane er ikkje små i Kingdom.

– Vi skal bli internasjonale, vere ein god ambassadør for saka og inspirere ungdom over heile verda, seier Daniel, som håpar å kunne leve av bedrifta etter å ha fullført mastergraden i økonomi og leiing om to år.

Så står det att å sjå om motemedvitne skatarar også vil ha godt samvit, og dermed utvide kongedømet.

LES OGSÅ: Vil ha fleire studentar på bana