Klara Klok er redda

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det såg stygt ut for Klara Klok, nettstaden som opplyser ungdom om sex, var nær å bli lagt ned grunna pengemangel. No går Helsedirektoratet inn med 4,2 millionar kroner i ekstra tilskot til nettstaden, skriv NRK Nordland.

– No er eg veldig glad og har sluppe jubelen laus, seier Hild-Marit Olsen (Ap) til NRK. Ho er politisk ansvarleg for tenesta som er drifta av Nordland fylkeskommune.

LES OGSÅ: Klara Klok kan bli lagt ned

Såg stygt ut

Førre veke sat ikkje jubelen like laust.

– Det brenn eit blått lys for Klara Klok, og situasjonen er svært alvorleg. Får ikkje Klara Klok pengar raskt, må vi vurdera å stengja tenesta frå midten av august. Det vil ramma barn og ungdom svært hardt, sa Olsen til NRK sist onsdag.

Klara Klok vart ei teneste heile landet kunne bruka så tidleg som mars 2000, og i fjor hadde nettsida 5,6 millionar besøk.

LES OGSÅ: Her bryt nesten alle lova