Kjempar mot dødsstraff

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert hos Kvinnheringen

Nyleg blei ei av dei mange kvinnene ho har kjempa for, Lisa Ann Coleman, henretta med dødssprøyte.

– I den saka var to personar sikta, mora til den ni år gamle guten, og kjærasten til mora, Lisa Coleman. Mora gjorde ein «deal», og slapp billigare unna. Det er urett. At Lisa var svart, lesbisk og hadde rulleblad frå før i ein konservativ stat som Texas, hjelpte ho ikkje, forklarar Moan når vi møter ho i heimen hennar på Valen. Gjennom sosiale medium og underskriftskampanjar prøvde ho å få stoppa henrettinga av Coleman.

– Det handlar om å seia i frå, og visa at vi ikkje godtar ein slik urett. Dødsstraff er uetisk, det er tortur. Det fører med seg så mykje hat, vald, og ikkje minst smerte både for ofra sine familiar og dei dømte sine familiar. Ingen rettssystem er ufeilbare, og eg synest det er skremmande at politi og påtalemyndigheiter skal ha makta over liv og død, seier Moan. Ho seier at sjølv om flesteparten av dei som er dømte til dødsstraff har begått grusame handlingar, handlar det ikkje om skuldspørsmål for ho. Det handlar om menneskeverd og etikk, og rettferdig behandling for alle, uansett rase, kjønn og økonomi.

– Eg tenkjer at viss ei stormakt som USA skal peika finger på andre nasjonar sine menneskerettsbrot, bør ein sjølv vera eit førebilete.

LES OGSÅ: Færre land avrettar fleire

Starta nettside
Engasjementet hennar i kampen mot dødsstraff starta då ho blei brevven med ein dødsdømt mann i USA etter å ha lese ei bok om ei anna norsk kvinne som skreiv brev til han.

– Vi hadde kontakt frå 2003 til 2012 då han blei henretta. Eg fann ut at dersom eg verkeleg skulle vera ein ven, måtte eg setja meg inn i dødsstraff-problematikken og rettssystemet.

Moan blei kjent med andre brevvener og familiane til dei dødsdømte via sosiale medium. Etter kvart som ho gjorde research fann ho ut at kvinner ikkje var særleg snakka om i kampen mot dødsstraff, og at dei var neglisjerte. Det ville ho gjera noko med.
– I 2009 starta eg nettsida www.focus-on-women.org. Målet var å spreia informasjon. Eg samarbeider med mange andre aktivistar, og håpet er at dette med tida kan bli ein organisasjon. I dag har sida nådd vel 58.000 sidevisningar, så det er framgang.

LES OGSÅ: Dømt til 91 piskeslag for «Happy»-video

Viktige brev
Moan bidrar blant anna med spreia informasjon om kvinner og dødsstraffproblematikken, underskriftskampanjar og å skaffa brevvener til dei innsette, for å nemna noko.
– Dei innsette har ingen selskap. Dei har lite anna å gjera på enn å tenkja, lesa og skriva. Mange hadde eit elendig liv før dei hamna på dødscella, og den minste trivielle ting frå brevvenen sitt liv kan vera kjekt å lesa om.

«Focus on women» jobbar ikkje berre for dødsdømte kvinner i USA, men kvinner sine rettar i heile verda.
– Det finst land i verda i dag der kvinner er rettlause. Dei kan bli henretta for utruskap, for at dei blei valdtekne eller for å ha sagt meininga si. Kvinner i Norge er veldig frigjorte, rettane våre er omtrent gravert i stein. Rettstryggleiken vår er stor. Slik er det verkeleg ikkje for alle.

Moan håpar fleire vil engasjera seg i saka, og oppfordrar dei som ønskjer å bidra til å gå inn på nettsida for å lesa, eller melda seg som brevven.
– Det er svært mange innsette som ville hatt stor glede av brevvener, og det er ein fin måte å hjelpa dei på. Det er rørande å bli kjent med desse menneska, og givande. Du lærer også mykje om deg sjølv.

Sjølv har Moan no to brevvener, Darlie Lynn Routier i Texas, og Emilia Carr i Florida. Dei som vil lesa meir kan gå inn på desse nettsidene:www.fordarlieroutier.org og www.deathpenaltyinfo.org.

LES OGSÅ: Kva er eigentleg IS?