Kjempar for elevane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevorganisasjonen vil ha betre rådgjevingsteneste, vurderingskultur og mindre mobbing i skulen.

Treng engasjement
Elevorganisasjonen skal gjennom året arrangera forsamlingar, seminar og møter, i elevar og lærlingar si interesse. Den nyvalde leiaren vonar at organisasjonen vil bli sett og høyrt i tida som kjem.

– Det er viktig for oss at elevane deltek og kjem med innspel til saker me kan jobba for. Me kan hjelpa deg til å gjera skulen din betre, men for å gjere dette må du sei di meining, fortel Sleppen.

Les òg: Bruk oss i kampen mot mobbing

For dårleg rettleiing
Eit av dei tre områda organisasjonen no vil fokusera på er ei betre rådgjevingsteneste, eit tilbod ho sjølv har fått merka er mangelfullt.

– Eg byrja på kokkelinja, men skjønte etter ei stund at eg hadde valt feil. Då gjekk eg over til påbygging, eit val Kristin Halvorsen har påpeikt at for mange yrkesfagelevar gjer, fordi dei føler dei har valt feil retning.

Les òg: Lei av dårlege råd

Kaldt og lite motiverande
Måndag kom undersøkinga som viste at ingen skular har fått høg tilfredsheit hjå elevane, nærare 42 prosent fekk middels tilfredsheit og heile 58 prosent fekk låg tilfredstilheit.

– Dette er for gale. Alle elevar fortener og ha eit godt innemiljø på skulen for at læringa skal virke optimalt. seier Sleppen.

Sjølv har ho sete med innejakke heile vinteren sidan ho byrja på vidaregåande.

– Dette har gått utover læringa mi. Motivasjonsfaktoren svært låg når du veit du kjem til eit kaldt klasserom. Verdien av å gå på skulen er høg, men forventningen din er svært låg og då blir motivasjonen din lik null.

Les òg: Vil ikkje ha overvaking på skular

Trist
No når dette har kome ut i media, håpar ho at noko vert gjort.

– Det at elevane skal vere i fare for å utvikle astma grunna dårleg inneklima er trist, og dette er berre på grunn av at kommunen ikkje avset pengar til å oppretthalda skulebygga.

Sleppen seier at elevane ikkje må finna seg i dette og håpar at elevane no kan sei si meining og få kommunen til å leggje deira skule på toppen av bunken.

– Kommunane må ta ansvar og sørgja for skikkelege skulebygg.

Les saka i Sogn Avis!

Faktaboks

ELEVORGANISASJONEN I SOGN OG FJORDANE:

Eit fylkeslag i Elevorganisasjonen, ein landsomfattande partipolitisk uavhengig ungdomsorganisasjon

Kjempar for elevar og lærlingar sine interesser.

Eit nytt styre blei vald i april 2012

Styret består av leiar Anna Sleppen, nestleiar Simon Skjerven, organisatorisk nestleiar Ingrid Skrede, og styremedlemmar Thea Lovise Vie, Amalie Vie, Bjørnar Vårvik, Adrian Kalsvik og Turid Vilgun Asphem.