– Ikkje kjøp bustad

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er alltid vanskeleg å spå nøyaktig når bustadmarknaden vil falle. Det som er sikkert er at den stigninga vi har sett dei siste åra ikkje vil vare. Bustadprisar varierer mykje over tid, og det vil kome eit bustadprisfall som svir, seier førsteamanuensis ved Institutt for samfunnsøkonomi ved Handelshøgskolen BI, Dag Einar Sommervoll.

Han åtvarar studentar med liten eigenkapital mot å kjøpe bustad.

– Det å kjøpe eigen bustad er ein risiko for alle, men standardstudenten med liten eigenkapital er ekstra sårbar. Lite eigenkapital kan fort føre til at ein sit att med lån etter at bustaden er selt, om bustadprisen fell, seier Sommervoll.

Han forklarar at bustadmarknaden er svært uforutsigbart. Ei lita endring kan ha store konsekvensar.

– Det er utenkjelig at bustadprisene berre fell litt, dei fell kraftig når dei først fell, legg han til.

Studentar må passe på
Den typiske studenten har liten eigenkapital, og må ta opp store lån for å kunne kjøpe ein bustad. Sommervoll forklarar at det kan gå riktig ille om ein kjøper på feil tidspunkt. Han opplevde sjølv bustadkrise då han var student.

– Om du er ein av dei som kjøper bustad rett før eit prisfall i marknaden, endar du fort opp som ein av taparane. Det såg vi under det førre prisfallet på 80-talet. Ein av mine medstudentar på den tida kjøpte bustad rett før prisfallet, og han vart tvinga til å slutte med studia, flytte heim og selje for mindre enn det han hadde kjøpt han for. Det same kan fort hende med studentar i dag om dei kjøper seg ein bustad og det ligg ein prisnedgang rett rundt hjørnet, fortel Sommevoll.

Det er no lenge sidan vi har hatt ei bustadkrise her i Noreg, men prisveksta varar ikkje evig.

– Det var eit stort fall for bustadprisane i Noreg på slutten av 80-talet som nådde lågpunktet i 1993. Etter det har det meir eller mindre gått oppover. Unntaket var finanskrisa for nokre år sidan, men det prisfallet var berre ein liten dump i vegen, seier Sommervoll.

Les òg: Unge kjøper bustad med forbrukslån

Freistande marknader
Sommervoll meiner at ein minst éin gong i løpet av ein 20 til 30 års periode vil oppleve ein nedgang i bustadpriser som svir skikkeleg. No er det nestan 25 år sidan førre boligkrise, og Noreg har enno ikkje hatt noko skikkeleg krise. Då blir det lett å la seg rive med.

– Det er farleg å tenkja at bustader berre stig i pris og at alle kan bli vinnarar alltid. Det er alltid ein risiko for prisfall, seier Sommervoll.

Han meiner det er lett å bli etterpåklok når ein vurderer bustadmarknaden.

– Det er lett å sjå attende og tenkje at ein skulle kjøpt eller selt, men å sjå framover er langt vanskelegare. Bustadmarknaden er uforutsigbar.

Han forklarar at om ein først skal kjøpe bustad som student, bør det vere ein stad ein planlegg å bu ei god stund.

– Når ein skal kjøpe bustad som student, er det viktig å tenkje langsiktig, om marknaden stuper blir du ikkje kvitt han.

Sommervoll meiner studentar heller burde sjå til leigemarknaden.

– Leigealternativet er det beste for studentar, seier han.

Les òg: – Treng bustadar berre for unge

Kjem an på Europa
Noreg er òg avhengige av at Europa held seg på beina for å unngå ei stor bustadkrise. Det meiner Andre Kallåk Anundsen, stipendiat ved økonomisk institutt på Universitet i Oslo.

– Stalltipset mitt er nok at vi i løpet av dei neste åra heller vil sjå ei demping av prisveksten enn at vi opplever ein skikkeleg smell som under bankkrisa på slutten av 80-talet. Men dersom ting skulle gå riktig gale i Europa kan vi nok ikkje utelukke at vi opplever ein nedgang i bustadmarkedet på landsbasis.

Det som i alle fall er sikkert er at ingen bør basere bustadkjøpet på ein tanke om at prisane vil fortsetje å stige med 8 prosent i året inn i all framtid! seier han.

Les saka i Universitas!