Ikkje fleirtal for omstridd fråværsgrense

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arbeidarpartiet seier nei til forslaget frå regjeringa om ei fråværsgrense på 10 prosent i vidaregåande skule. Dermed er det ikkje fleirtal for forslaget på Stortinget.

– Arbeidarpartiet vil ha klare reglar mot ugyldig fråvær i skulen og at skulane skal ha effektive og gode reaksjonar når reglane blir brotne. Forslaget frå regjeringa om nye fråværsreglar bidrar ikkje til det, skriv Ap-nestleiar Trond Giske på si Facebook-side.

Les også: Fastlege om nye fråværsreglar: – Rein idioti

– Regjeringa må lage ei ny forskrift i dialog med sektoren, konkluderer han.

Utdanningskomiteen på Stortinget skal gi si innstilling i saka neste tysdag. Ei kartlegging VG har gjort viser at verken dei to støttepartia, Venstre og KrF, eller Sp eller SV vil støtte den nye grensa på maks 10 prosent fråvær i kvart enkelt fag i vidaregåande skule. (©NPK)

DEBATT: Fråværsgrensa blir ein motivasjon

Opptil 10.000 elevar var med på elevstreiken 11. mai mot fråværsreglane.

Leiar i Elevorganisasjonen Sylvia Lind (bildet) er strålande nøgd med at det no er fleirtal mot reglane:

– Takk alle elevar som har jobba for dette, og takk fleirtalet på Stortinget som har høyrt på oss og ikkje innfører så rigide reglar. Dette går ned i historiebøkene for elevrørsla, seier ho til Framtida.no.

I spissen for elevstreiken stod leiar i Stord SU og styremedlem i Hordaland SU, Anna Sofie Ekeland Valvatne.

I går sa ho dette til Framtida.no:

– Eg synest det er utruleg bra at ting ser ut til å gå vår veg. Me i Hordaland SU er utruleg stolte over at det som starta med oss og Stord SU har blitt ei nasjonal rørsle, og ikkje minst at politikarane høyrer på oss.

Faktaboks

• Frå hausten ville Kunnskapsdepartementet innføra ei ny, nasjonal fråværsgrense på 10 prosent, med unntak for dokumentert gyldig fråvær.
• Gyldig fråvær skulle vera helse- og velferdsgrunnar, arbeid som tillitsvalt, politisk arbeid, hjelpearbeid, lovpålagt oppmøte og representasjon i arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå.
• Avtale om sjølvstendig studiearbeid og skuleadministrativt arbeid ville heller ikkje bli rekna som fråvær.