Hundre fagfolk med bekymringsmelding om barnevernet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hundre fagfolk med uromelding

Over hundre fagfolk har overlevert eit opprop til regjeringa der dei gir uttrykk for bekymring for situasjonen i barnevernet.

Gruppa som blant anna består av prosjektleiar Elvis Nwoso, advokat Thea Totland, psykolog Einar C. Salvesen, advokat Brynjar Meling, advokat Venil Katharina Thiis, fastlege Eivind Meland og forskingsleiar Nina Witoszek, meiner det er på tide å mobilisere eit sterkare engasjement rundt utfordringane i norsk barnevern, skriv Aftenposten.

Mykje tyder på at tiltak som til no er blitt sett i verk, eller som er planlagde, ikkje er tilstrekkelege, meiner fagfolka.

– Barnevernsoppnemnde sakkunnige vert tillagt uforholdsmessig stor vekt når sakene kjem til rettsapparatet. Ofte ser vi at biologiske foreldre er sjanselause overfor eit stort og mektig apparat, seier Salvesen.

Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) inviterer initiativtakarane bak oppropet til eit møte, og ser fram til å ta imot konkrete forslag til kva som kan gjerast.

– Eg deler mange av dei same bekymringane som denne gruppa av fagfolk kjem med i meldinga si, seier Horne. (©NPK)